Gudbrand Berdorson i Vik
Bjørn Jonson Dahle, Årbok for 2009
Gudbranðr Berdorssun j Vik er bare funnen nemnt i skriftlige kilder éin gang, i eit brev fra 19. april 1344, men måten han er nemnt på og dei han er nemnt i lag med tyder på at han var av høg stand. Kan Gudbrand Berdorson ha vore lik Gudbrand i Vik, sykkylvskaksen som er kjent fra fleire segner fra tida kring Manndauden i 1349? Mykje tyder på at dét var tilfelle, og i så fall er det kanskje råd å knytte samband mellom Gudbrand og Giskeætta og, på hi sida, mellom Gudbrand og folk som lever i dag…
PÅ STEINDALOFTET
Første mandagen om sommaren i 1344, 19. april, var åtte menn tilstades på Steindaloftet på Giske og vitna om at Ogmund Erikson avhenda øya og garden Humla på 15 månadsmatbol til giskeherren Erling Vidkunson.2 Steindaloftet var helst øvstehøgda i den digre steinhallen på Giske som Nikolas Peterson let bygge kring 1260, kanskje med Håkonshallen som forbilde. Øvstehøgda må ha vore ein høglofta sal, ein riddarsal, som det heitte, og salen var «steinda», utsmykka med maling, kanskje i form av glassmaleri (jf engelsk «stained glass»). I alle fall var Steindaloftet praktfullt, og stort, for Giske var hovedsetet til det største adelsgodset i Norge, kanskje i heileNorden. I 1344 var giskeherren Erling Vidkunson trulig 52-53 år gammal. I tida 1323-32 hadde han vore drottsete (i kongen sin stad) i Norge og etter den tid mest trulig syslemann i Bergen. Seinast i 1345, men helst fra 1344, hadde han dei mindre syslene Sunnmøre og Romsdal, og alt tyder på at han var i ferd med å trekke seg tilbake fra riksstyringa for å pleie dei private interessene sine, og han heldt seg støtt meir på Giske. Erling Vidkunson fikk riddarslaget seinast i 1316,3 og han tilhøyrte såleis den verdslige høgadelen, ei gruppe på kanskje 100 hovedpersonar; lågadelen, sveinane eller væpnarane, utgjorde samtidig kring 500 hovedpersonar. 4 Herr Erling var fødd inn i det øvste skiktet av høgadelen, baronstanden, men barontittelen fikk han aldri bere, for denne blei oppheva i 1308. Standen besto likevel. Det kan ha dreidd seg om 20-30 hovedpersonar. Dei åtte brevvitna på Steindaloftet i 1344 kan alle ha tilhøyrt Erling Vidkunson sin næraste krins, og nesten alle må, som vi skal sjå, reknast til adelen.
KRINSEN OM ERLING VIDKUNSON
Erling Vidkunson og kona, fru Elin Toresdatter, hadde minst tre døtre, men bare éin son, Bjarne Erlingson den yngre (oppkalt etter farfarbroren, baronen Bjarne Erlingson av Bjarkøy), som fikk riddarslaget sist i 1347, trulig 25 år gammal. I 1344 var Bjarne 21-22 år gammal og syslemann i Jemtland.5 Herr Erling og fru Elin hadde tre døtre, kanskje fire, og av disse kjenner vi namna til to, Ingebjørg, som fra 1342 var gift med riddaren og kongsætlingen Sigurd Haftorson av Sudreim, og Gyri, som kring 1347 ekta riddaren Eilif Eilifson av Naustdal. Ei tredje datter kan ha vore den fru Sigrid Erlingsdatter, som døydde i Bergen i 1356 og som etter alt å dømme var gift med riddaren Jon Brynjulfson, det førstnemnte av dei åtte brevvitna i 1344 (meir om Jon nedafor). Sonen Bjarne Erlingson og mågen Sigurd Haftorson høyrte tvillaust til Erling Vidkunson sin inste krins, men dei var ikkje til stades på Giske 19. april 1344. Men Jon Brynjulfson var der, og sidan han er nemnt som det første av brevvitna må vi rekne med at han hadde høgare status enn dei hine. Vi veit ikkje om Jon var blitt riddar då, men sidan han er nemnt framfor ei rekke menn som ikkje hadde lågare rang enn væpnar er det sannsynlig, for somme av dei som er nemnte etter han var eldre enn Jon. Til Erling Vidkunson sin krins må nok reknast Arne Gjervaldson, ein eldre hirdmann, som i 1341 var syslemann i Jemtland og i 1343 eller 1344 på Sunnmøre.6 Sigurd Eindrideson Fyrd kan også ha vore med i krinsen; i 1344 var han Bjarne Erlingson d.y sin syslelensmann (fut) i Jemtland,7 og det samme ombodet hadde han for Erling Vidkunson på Sunnmøre eller i Romsdal seinast i 1345; i 1347 blei han trulig avsett.8 Dei åtte brevvitna i 1344 er rekna opp i denne rekkefølga: Jon Brynjulfson, Gudbrand Berdorson i Vik, Eirik prest på Giske, Gyrd Håkonson, Gunnar Haldorson, Bjarne i Heidsa, Arne Helgeson og Torbjørn Eilifson.
Jon Brynjulfson er først uttrykkelig nemnt som riddar i 1355,9 men kan ha vore det før den tid, og han døydde i 1358.10 Far hans var riddaren Brynjulf Ogmundson med opphav i Sunnfjord,11 og yngre eigedomstilhøve tilseier at Jon var gift med ei datter av Erling Vidkunson, svært trulig fru Sigrid Erlingsdatter, som døydde i Bergen i 1356.12 Paret ser ut til å ha hatt ei datter som var gift med (den sannsynlige) riddaren Erling Einarson i Hildugard i Bergen.
Gudbrand Berdorson i Vik er bare nemnt i dette eine dokumentet.14 Plasseringa tyder på at han var av riddarstand eller sjølv riddar. Her må det leggast til at ein svært sannsynlig riddar Berdor med sunnmørssamband levde i andre halvdelen av 1200-tallet, nemlig far til riddarenka Herborg Berdorsdatter, som i 1325 kjøpte provent (livslangt opphald) for seg sjølv og tenestekona hos kórbrørne i Nidaros mot 23 månadsmatbol jord på Sunnmøre.15 Herborg kan ha vore ei etter måten ung dame, for ho levde enno i 1338, tydeligvis i god form, for ho ville flytte fra kórbrørne: ho «lyste fara hæim a Møre» til jordene sine.16 Året før Herborg, i 1324, kjøpte Baugeid Steinarsdatter, ei trulig riddarenke med sunnmørseige, provent for seg og tenestekona av kórbrørne mot 22 månadsmatbol (her forkorta til «mmb») jord på Sunnmøre og eit sølvkar på 1 mark.
Herborg ga fra seg jordegods i Leira (13 mmb) i Hjørundfjord, Brudevoll (6,5 mmb) i Sykkylven og Apalset i Ørskog (3,5 mmb). Baugeid ga fra seg jordegods i Kvistad (11 mmb) i Hjørundfjord, Bjørdal (5,5 mmb) i Ørsta, Ullaland (3 mmb) i Volda og Kleppe (2,5 mmb), i Volda eller Rovde. Disse sunnmørsfruene sine proventkjøp i Nidaros er eineståande i kildetilfanget, og det ligg nær å tru at dei var nære slektningar. I alle fall viser det at det enno fanst riddarfolk med sunnmørsband ved utgangen av høgmellomalderen.
Eirik prest på Giske er uråd å identifisere nærare. Han hadde rang som riddar eller væpnar. Dei fremste prelatane, fra sokneprestane og oppetter til erkebispen hadde alle adelsrang, og dei høgaste av dei blei etterkvart titulerte med nemninga «herr» (eldre «sira») til liks med riddarane.
Gyrd Håkonson var riddar seinast i 1356 eller 1357.
Gunnar Haldorson kan ha vore Erling Vidkunson sin syslelensmann på Sunnmøre i 1347, og det er mulig at han hadde hatt dette ombodet sidan 1345 eller 1344. I 1348 finn vi han nemnt i Bergen,20 og ein mann av samme namnet er nemnt i Oslo i vissa fram til 1364.
Bjarne i Heidsa veit vi snautt meir om enn namnet, men måten han er titulert på tyder på at han så å seie var herren til Heidsa (i Borgund). Bjarne var helst jordeigar,22 og kanskje var han styresmann i Oksa skipreide;23 i så fall var han væpnar, for skipreidestyresmennene må til vanlig ha hatt denne rangen.
Arne Helgeson var svært trulig lik mannen av samme namn som var lagmann i Jemtland samtidig som Arne Gjervaldson var syslemann der. I 1347 kan han ha vore syslelensmann i Romsdal.25 Vi finn ikkje Arne Helgeson nemnt seinare. Som lagmann hadde han snautt lågare rang enn væpnar.
Torbjørn Eilifson var det åttande og sistnemnte av brevvitna. Denne mannen veit vi inkje meir om. Av alle brevvitna er Torbjørn Eilifson det einaste vi ikkje kan tillegge adelsrang. Likevel er det sannsynlig at han var adelig, han med.
«GUDBRAND I VIK»
I 1750-åra skreiv Hans Strøm ned ei rekke segner om kaksen Gudbrand i Vik i Sykkylven. Samtidig kom han over eit dokument fra 1544 i prestegarden på Ørskog der namnet Gudbrand Gudbrandson i Vik var nemnt. Der segnene dreidde seg om ein Gudbrand som levde før reformasjonen (1537), og kanskje lenge før den tid, dreidde dokumentet seg om ein Gudbrand i Vik som, trudde Strøm, enno levde i 1544. Strøm ville sameine segnene om Gudbrand i Vik og dokumentet fra 1544, og meinte derfor at «Gudbrand i Vik» hadde levd både før og etter reformasjonen. Men Strøm tok nok feil, for dokumentet fra 1544 dreidde seg snautt om ein Gudbrand i Vik som enno levde, men helst om ein som hadde vore daud i mannsaldrar. Til Strøm sitt forsvar må nemnast at han ikkje kjente til brevet fra 1344, der Gudbrand Berdorson i Vik er nemnt. Hadde Strøm kjent til dette må vi rekne med at han hadde kopla noke annleis mellom segn og soge enn det han gjorde. I staden for å tru at segnene om Gudbrand i Vik dreidde seg om ein Gudbrand som levde i 1544 ville han nok heller ha knytta dei til ein tvillaus stormann Gudbrand i Vik som levde i 1344.
DOKUMENTET FRA 1544 Dokumentet fra 1544 dreidde seg om ei gave som ein Gudbrand Gudbrandson i Vik hadde gitt til prestebordet i Ørskog, Ullavika under Aure i Sykkylven, 6 mællag og eit lakseverpe.27 Allereie i 1515 hadde prestebordet i Ørskog ei inntekt på 1 mark af verppet under oore (Aure),28 og dette tyder at prestebordet hadde fått gava ikkje seinare enn 1515. Dokumentet fra 1544 var dermed ikkje noke gavebrev. Kva var det då? I hundreåra før 1537 hadde mengdevis av folk gitt jordegods til kirker, prestebord, bispestolar og kloster, og til mange av gavene var det knytta vilkår som ikkje let seg stette etter reformasjonen, t.d lesing av sjelemesser for givarane (eller, som eg aldri har sett, årlige ølgilde). Dette blei forbode, og då kunne arvingane til givarane hevde at gavevilkåra var brotne, og at gavene måtte førast tilbake til ætta. Dette kan ha vore bakgrunnen for brevet fra 1544. Arvingane til Gudbrand Gudbrandson kan ha kravd eit tingsvitne om ullavikgava, eventuelt kan ørskogpresten hadde bede om eit slikt vitne for å verne seg mot krav fra arvingane. Soknepresten i Ørskog i 1544 heitte ellers Nils Torkelson, etter segna fra Barstadvika,29 som tok over embetet etter Mattis Mattisson i 154130 og heldt fram til 1572, då Lauritz Knutson tok over.31 Herr Lauritz er mest kjent for at han sette opp tavla over Synesætta, Æthen thijl Synes goos.
DEN LAKSEKJÆRE PRESTEN OG ØLGILDET PÅ AURE I notatboka gjengir Strøm segna om korleis Ullavika kom i eiga til prestebordet i Ørskog: Ein gang gjesta soknepresten, herr Ebbe, Gudbrand i Vik og blei servert laks, som presten var svært glad i. Gudbrand ga han då Ullavika «med vilkaar at hands Skaal skulde drickes efter hands Død paa Aure Kircke-Backe, som og siden skeede, saa at en Tønde Øll aarlig blev kiøbt og drucket til samme Guldbrands Erindring indtil Reformationen blev indført da denne Skick ophørdte».33 Også i Søndmørs Beskrivelse gjengir Strøm segna om gavevilkåret slik han hadde høyrt ho av «de ældste her i Egnen boende Folk», og der heiter det også at vilkåret ikkje er nemnt i tingsvitnet fra 1544, etter Strøm si meining fordi skikken med drikkegilde «tillige med mange andre allereede var afskaffet» etter reformasjonen.34 Noken herr Ebbe er ikkje kjent som sokneprest i Ørskog før Ebbe Madssen, som virka i tida 1590-1629,35 og det kan tenkast at sykkylvingane har rota med prestenamnet; mest trulig hadde det gått i gløymeboka.
KVEN KUNNE GI VEKK ULLAVIKA? Den opphavlige garden Aure36 var diger, ikkje utrulig med ei landskyld på 120 månadsmatbol. Ein slik gard kunne gi levebrød til 30-40 bondehuslydar med i alt kring 240 menneske. Etterkvart blei Aure delt i mindre gardar seinast på 1000-tallet, kanskje først i to (Aure og Grebstad), seinare fleire. På 1400-tallet må likevel omtrent heile det opphavlige Aure ha vore éin eigedom, nemlig i eiga til Giskegodset, og dette ser også ut til å ha vore tilfelle på 1100-tallet, då giskeherren Pål Skoftesen heldt til på Aure og ikkje på Giske. Den som ga Ullavika til Ørskog prestebord må ha eigd eller disponert den yngre garden Aure, slik han er kjent fra 1500-tallet og utetter. Givaren kjenner vi, Gudbrand Gudbrandson.37 Ein mann av dette namnet er ikkje ellers kjent fra sunnmørskildene, og i andre mellomalderdokument før 1400 finn vi bare tre av dette namnet, væpnaren, den seinare riddaren Gudbrand Gudbrandson i 1309 og 1323,38 éin i Bergen i 1337 og éin i Oslo i 1360,39 dei to sistnemnte helst uadelige. I dokument yngre enn 1400 finn vi endå færre av dette namnet. Riddaren Gudbrand Gudbrandson var seinast fødd i 1289, for ein blei snautt væpnar før ein var myndig. Opphavet hans er ikkje kjent, men det må reknast som rimelig visst at han korkje var av eller var inngifta i Giskeætta. Den Gudbrand Gudbrandson som ga Ullavika til Ørskog prestebord var derfor mest trulig ein annan. Kven kan han så ha vore, denne Gudbrand Gudbrandson som kunne gi vekk gammalt giskegods? Her kan kanskje segnene om Gudbrand i Vik komme oss til hjelp.
SEGNENE OM GUDBRAND I VIK ETTER HANS STRØM
I notatboka si skreiv Hans Strøm ned segnene om Gudbrand i Vik, som han kalte «Gulbrand Gulbrandsen», men farsnamnet «Gulbrandsen» hadde han nok helst fra tingsvitnet fra 1544. Strøm skreiv (forkortingane hans er oppløyste):
Paa Viig har ellers boet en Nafnkundig Mand nom: Gulbrand Gulbrandsen, som siges at have været en foged over Gidsche gods, som endnu skal have havt 2de mægtige Brødre, een boende i Eegsund, den anden på Ringstad i Strands Sogn. Denne Mand har været til i de Catholske Tider, men og efter Reformationen, har foræret 6 Mællag Ullevig ved Aure til Præsten, som eengang besøgte ham, og ligger samme endnu til Præstebolet. Af ham ere mægtige Bygninger opbygde paa Viig, hvortil Tømmeret blev taget ved Jarnæs (hvor endnu lidet fyrre findes), og kaldes Bierget hvor Tømmeret er indskibet i en flade Kliningsbierg fordi en 4ding eller ½ tønde Smør der blev fortæret af arbeyderne. Bygningen har været meget stor og anseelig samt Tømmeret tilhugget paa een egen Maade som kaldes Glep-Hug, der skulde have bestaaet i figurer. Stedet hvor huusene har staaet kaldes endnu Laan ): Store Bygninger og værelser. En Steenlagt Vey sees og endnu fra samme gaard til Kircken over Myren. I Elven ved Viig er endnu 2 Saver, men skal tilforn have været 5, og viises endnu Steder paa hin Siide hvor Skotterne har ligget i gamle Dage.
Seinare i notatboka ga Strøm nokre meir utfyllande opplysningar om Gudbrand og brørne hans: Dei «skal have haft det meeste gods paa Syndmør enten i Eye eller, som troeligst er, til Bestyrelse, som fogeder, nogle sige over Gidsche gods».41 Segna kan ha sagt at brørne eigde så mykje jordegods, noke Strøm ikkje ville tyde bokstavlig, og derfor la han til at dei helst styrte godset, og dermed var «futar», godsombodsmenn; og var dei dét, må dei ha vore giskeombodsmenn. Dei tre brørne hadde delt Sunnmøre mellom seg: «En Steen som endnu viises udenfor Flaaskær-Værpet sadte grændser imellem Guldbrands og hans broders portion, paa hiin Siide var grændse-Skiællet ved Skottet.» Broren i Eiksund rådde over godset vest om Flåskjærverpet, Gudbrand godset mellom Flåskjærverpet og Skotet og broren på Ringstad godset aust om Skotet (Stordal, Stranda, Sunnylven, Geiranger og Norddal). Den einaste av brørne Strøm namnga var Gudbrand Gudbrandson.Vi kan rekne med at i vissa fornamnet hans levde i folkeminnet i Sykkylven enno i 1750-åra, derimot ikkje namna på brørne hans (sjå om Rove på Ringstad nedanfor). Strøm gjenga ellers eit vers Gudbrand skulle ha kvede:
Viig, Velle, Sætre, Aurebygd bær stor Frygd, Grebstad, Eidem ligger mig nær, det holder ieg meget kiær.
Dette er råversjonen av segnene. I Søndmørs Beskrivelse er framstillinga kortare, og nokre opplysningar (t.d om den steinlagte vegen fra Vik til kirka) er utelatne. Det som kjem i tillegg er opplysninga om tingsvitnet fra 20. juli 1544; Strøm kaller dokumentet uttrykkelig eit «Tingsvidne, skrevet paa Pergament» der.42 På grunn av dette tingsvitnet fikk Strøm vanskar med tidfestinga av segnene, for han tyda det slik at Gudbrand Gudbrandson levde i 1544, og at han var lik segnfiguren Gudbrand i Vik. I Søndmørs Beskrivelse har Strøm moderert seg og skriv om Vik at der «har i Pavedømmets Tid boet en af sin Formue bekiendt Mand, ved Navn Guldbrand Guldbrandsøn,43 som siges at have været Foged over Gidske-Gods, og at have havt tvende lige saa formuende Brødre, den eene boende paa Gaarden Eegsund i Rødve Sogn, den anden paa Ringstad i Strands Sogn».
SEGNENE OM GUDBRAND I VIK ETTER PEDER FYLLING
Peder Fylling samla også segner, men kring 100 år etter Strøm. Fylling kjente sin Strøm, men hadde tydeligvis fleire kilder enn han. Om «Gudbrand Gudbrandsøn i Vik i Søkelven» skreiv han såleis:
Gudbrand i Vik var ifølge Sagnet en overvættes rig Mand, især paa Jordegods. Hans tvende Brødre ligesaa. Af disse boede den ene, Hr. Rove paa Ringstad45 i Strands Sogn, den anden hvis Navn Sagnet har glemt, boede paa Eksund i Røvde Sogn. Alle tre overlevede Svartedauden i 1349-50, og skal da have benyttet Leiligheden til at slaa under sig alt det Jordegods i deres Nærhed, som var bleven herreløst.
Gudbrand i Vik blev saaledes Herre over alt Jordegods fra Vik og indefter til Løfoll i Søvikdalen, hvor Ringstadmanden Rove’s Eiendom begyndte og strakte sig lige til Upshaug forbi Stranden. Eiksundmanden havde lagt under sig store Strækninger i søndre Søndmøre især paa Øerne.
Ringstadmanden vilde ogsaa bo som en Herremand, hvorfor han lod bygge store og stadselige Huse paa sin Gaard. Da disse vare færdige, bød han Gudbrand i Vik til Julegilde paa Ringstad. Han kom; men da han var mere sparsom af sig end Ringstadmanden kunde han ikke bekvemme sig til at rose dennes Bygværk. For dette blev Ringstadmanden «tykjen» og ymtede noget om «Gudbrands Rævehytter ut i Vik». Gudbrand hørte dette, men bed Harmen i sig og sagde intet.
Imidlertid forlod han Gildet før Tiden, drog hjem til Vik, leiede Folk og tog til Skogs at hugge Tømmer. Nu vilde Gudbrand bygge. Der blev Rusk i Skogerne hans utover ved Tu, Tusvik og Blakstad, og det led ikke mange Dage før Tømmeret var kommet til Sjøs. Nu lagde han en Flaade som det var Mon i. Han havde der saamange Arbeidsfolk, at der gik en hel Tønde Smør bare til at kline Lefser til dem, som byggede Flaaden, og Stedet kaldes den Dag i Dag Kliningsberget.
Da Flaaden blev roet til Vik tog den Grund paa Vikefluden, uagtet der endog i Lavt Vand er 8 Favne dybt. I Vikelven havde han et Sagbrug …. og der blev Tømmeret skaaret. Saa blev der bygget et stort Hus med en høi Skigaard omkring; i Skigaarden satte han en svær Port med Laas for, og fra Porten til Bryggen lod han af Hunen bygge en lukket Gang, og saa flyttede han ind.
Da det var istand sendte han Bud til Ringstadmanden, om han ikke vilde komme til Gjæsting til Rævehytterne i Vik. Ringstadmanden var let at bede og da Gudbrands Vagtsvende saa ham komme, gav de sin Herre Besked derom. Gudbrand gik da ud, tillaasede Porten, stak Nøglen i Lommen og gik ind igjen. Ringstadmanden steg i Land paa Bryggen, vandrede op gjennem den mørke Gang, hvor han blev staaende at hamre løst paa den tunge Port i syv lang og syv brede.
Endelig behagede det Gudbrand at lukke op og byde Broderen velkommen til Rævehytterne. Som man kan tænke sig, var Ringstaden ikke videre blid over saadan en Modtagelse, men Sagnet har glemt om Gjæstebudet blev «turande eller sturande».
Gudbrand i Vik gav til Ørskaugs Præstebord Gaarden Ullavik med Laxeverpe….
Det er klart at Fylling i hovedpunkta har følgt Strøm, men like klart er det at han har hatt kilder som Strøm ikkje hadde, eller som han ikkje ville bruke.
KVA HAR SEGNENE Å SEIE?
Segnene om Gudbrand i Vik er eineståande på Sunnmøre. Grunnen kan vere så enkel at Gudbrand sjølv var eineståande. Jamvel om giskeherrane manglar vi slike fyldige segner, trulig fordi ingen av dei sette personlig preg på omværet sitt etter 1200-tallet; dei seinare giskeherrane ser nemlig ut til å ha hatt Giske som fast tilhaldsstad bare eitt og anna år. Gudbrand i Vik sette særskilte fysiske merke etter seg, merke som segnene kunne knytte seg til. Det gjaldt først og fremst dei «mægtige Bygninger» han førte opp. Etter Fylling si segn var det som ei borg, komplett med palisadeverk med ein diger port og jamvel ein «inngangstunnel». Og det var fleire fysiske merke etter Gudbrand. Fylling nemner brygga, Strøm den steinlagte vegen fra Vik til Aure, enno synlig på hans tid. Ein annan stad nemner Fylling ein bautastein på Aure kirkegard, som etter segna var reist av Gudbrand som eit minne om han sjølv.48 Sett under eitt tyder disse merka på at Vik var eit herresete i Gudbrand sine dagar, det einaste herresetet utanom Giske vi kjenner til fra Sunnmøre på denne tida. Og Gudbrand sette andre merke etter seg enn dei fysiske. Ølgildet på kirkebakken må ha vore eitt, det heimstadkjære verset eit anna. Ulikt det Strøm trudde kan ølgildet også ha halde fram etter 1537, og verset kan ha levd temmelig uendra gjennom tidene, slik enkle vers har det med å gjøre. Endelig: Garden Vik fikk namn etter Gudbrand eller Gudbrand’ane, for i erkestolen si jordebok fra kring 1530 er garden kalt Gulbrandswick.
Etter mitt syn seier segnene dette: Gudbrand i Vik var herren i Sykkylven og kanskje vidare med. Brørne hans på Ringstad og i Eiksund kan ha funnest og, som vi skal sjå, kan dette i alle fall ha vore gardar som Gudbrand var knytta til på eitt eller anna vis. Vidare seier segnene at Gudbrand eigde eller rådde over mykje jordegods, kanskje først og fremst giskegods, og dette opnar for at han var av Giskeætta, var inngifta i ho eller styrte med jordegodset henner. Og i verset blir det i grunnen sagt rett ut at han var herre til Vik, Velle, Sætre og Aurebygda (fra og med Aure og aust til og med Aurdal) samt Grebstad og Eidem. Utanom Vik og Sætre må alt dette ha vore giskegods både før og etter Gudbrand eller Gudbrand’ane si tid. Gudbrand i Vik må ha vore ein historisk person, og av segnene er det freistande å slutte at han var ein makelaus stormann for si tid, med staselig herregard og digert jordegods. Og somme av segnene ville ha det til at han var ombodsmann for Giskegodset, og sjølv kvad han som om han var eigar av eldgamle giskegardar.
FRA SEGN TIL SOGE
Den Gudbrand Berdorson som satt på Steindaloftet i 1344 blei skreven til ein gard Vik, som vi har mange av både på Sunnmøre og ellers i Norge. Vi har ikkje noke fullgodt prov på at dette var Vik i Sykkylven, men når både segnene og tingsvitnet fra 1544 knytter namnet Gudbrand til nett dette Vik (og vi samtidig ikkje kjenner andre Gudbrand’ar på andre Vik) er det rimelig trygt å gå ut fra at Gudbrand Berdorson hadde Vik i Sykkylven som setegard. I 1344 var Gudbrand Berdorson væpnar, kanskje riddar, og han kan ha vore trulova eller gift med ei av Erling Vidkunson sine døtre. Dersom dette var tilfelle kunne han, eller barna hans, komme til å råde over mykje gammalt giskegods både i Sykkylven og annanstad, og verset om Vik og Velle osv kan ha vore dekkande for den faktiske stoda. Og ullavikgava fra Gudbrand Gudbrandson til Ørskog prestebord vil i så fall vere fullt ut forklart. Vi kan sette opp ein hypotese: Gudbrand Berdorson var gift med ei datter av Erling Vidkunson og fikk då giskegods i Sykkylven, m.a Aure, som sidan gikk i arv til barna deira. Ein Gudbrand Gudbrandson ga så noke av Aure til Ørskog prestebord, og dette kan godt ha vore ein son av paret. Problemet med hypotesen er at stordelen av det gamle giskegodset i Sykkylven som Gudbrand Berdorson fikk hand om atter var giskegods kring 1400. Dette kan tyde at den ukjente erlingsdatra si etterslekt var utdøydd, og at Giskeætta hadde kravd tilbake godset ho hadde arva. Men det treng ikkje tyde anna enn at ætta hadde gjort makeskifte med etterkommarane til Gudbrand Berdorson for å legge sykkylvsgodset under Giske igjen. Svært mykje tyder ellers på at Gudbrand i Vik hadde etterkommarar.
