Borna, jordmora og dei fødande
Marit Pauline Kvalsvik, Årbok for 2004
I 2003 skreiv eg ei bok som eg kalla «Kvinner selv stod opp og strede». Boka omtalar 95 års innsats av driftige sanitetskvinner i Herøy – med spesiell vekt på bygginga og drifta av Herøy sjukeheim. Men boka innheldt også mykje anna stoff, om t.d. spanskesjuka, sjuketransport og kommunale desinfektørar. Som eit mørkt bakteppe i mange av kapitla, ligg soga om tuberkulosen som herja bygdene våre så hardt heilt fram til 1950-åra. Utviklinga i helsevesenet, med vekt på undersøking og vaksinasjon av borna, går som ein raud tråd gjennom boka. Arbeidstilhøva til tenestetausene som arbeidde ved sjukeheimen i ei tid med mangel på elektrisitet og tekniske hjelpemiddel som vaskemaskin, miksar, frysar og kjøleskap, er også skildra. I boka, som inneheld over 140 bilde/illustrasjonar, har eg prøvd å setje fokus på kvardagsslitarane og deira innsats for å bygge landet.
Denne artikkelen er eit utdrag av den delen av boka som handlar om jordmødrene og situasjonen til dei fødande. Den første jordmorskulen i Noreg vart starta i Kristiania i 1818. Det var den første skulen i Noreg der ei kvinne kunne få høgare utdanning. Helga Nerem var jordmor i Herøy frå 1932 til 1978 og tok mot fleire tusen herøyværingar. Ho er ein framifrå representant for dei driftige kystkvinnene i Herøy og for jordmødrene i farne dagar. Gjennom skildringa av hennar liv og virke, får ein også eit innblikk i kvardagen til borna, dei fødande og tilhøva rundt fødslane i Helga Nerem si tid som jordmor i Herøy.
Helga Nerem
Foreldra til Helga Nerem var Berte (f. Flusund) og Paul A. Remøy. Dei fekk 13 born i tida 1908–1936. Det var såleis 28 år mellom den eldste og den yngste. Helga var eldst og var fødd i 1908. Som den eldste måtte ho tidleg lære seg å stå på eigne bein. Ho var m.a. tenestetaus hos «slagter og pølsemaker P.M. Kaaresen» i Ålesund. Bestefaren, Antoni P. Remøy, vara henne til å ta utdanning. Han syntest ho hadde altfor gode evner til å gå heime og vente på ein friar. Helga reiste til Bergen og tok jordmorskulen. På vitnemålet frå skulen i 1930 heiter det m.a.: «Hun har i dag ved håndslag avlagt det løfte, at hun som jordmor alltid vil utføre sit arbeide, som hun kan forsvare det for Gud og sin samvittighet, og at hun efter beste evne vil søke å vedlikeholde sine kunnskaper ». Etter at ho var ferdig utdanna, var ho jordmor på Bjørnsund i to år. Ho var flink med handarbeid. Sidan der var så få fødslar i Bjørnsund jordmordistrikt, spedde ho på inntekta med syarbeid for ein skreddar. I 1932 vart Karoline Voldsund pensjonist. Ho hadde vore jordmor i Herøy frå 1891 til 1932. Det var 16 søkjarar til den ledige stillinga etter Karoline. Kommunestyret innstilte samrøystes Helga på første plass, under føresetnad av at ho «tar fast ophold i Fosnavåg».
Utan avtale om betaling
I 1934 gifta ho seg med Roe Nerem. Helga og Roe bygde seg hus i Fosnavåg i 1936, like ved bedehuset. Huset til familien Nerem vart kalla Helgaro – namnet var ein kombinasjon av førenamna deira. Denne heimen fungerte mest som eit slags pensjonat. Det var ikkje så mange overnattingsstader i Fosnavåg på den tida. Såleis heiter det i ein artikkel i Vestlandsnytt i samband med at fiskarheimen planla utbygging i 1947: «Som det no hev vore i Fosnavåg, hev det vore heilt uråd å verte hjelpte med husrom, og folk som ferdast mykje hev kvidt seg for å fare hit, avdi dei kunne risikere å verte gangande ute, dersom ikkje kjenningar tok seg av dei.» Farande folk var avhengige av båtrutene, og båten gjekk ikkje kvar time på den tida! Såleis hende det at handelsreisande tok inn på Helgaro. Av og til vart ungdomar frå øyane hindra i å kome heim att om kvelden, enten for skuld uver eller fordi dei mangla skyss. På eine romet hadde familien Nerem ein divan. Denne vart nytta meir enn ein gong ved slike høve.
Roe dreiv verkstad og slipp saman med brørne sine, Kåre og Arne. Arbeidarar på slippen som ikkje hadde eigen familie på Bergsøya, budde på hybel på loftet i Helgaro. Det same gjorde nokre slektningar. Kvinner frå øyane som venta barn, vart ofte innlosjerte der, og nokre var der opptil to veker medan dei venta på fødselen. Med den tids kommunikasjonar – og med slikt ver som det ofte kunne vere så langt ut mot havet – var det ofte problematisk både å få tak i jordmora og frakte ei fødande kvinne fram til fødestova. Det var slett ikkje alle som hadde telefon slik at dei kunne ringe etter jordmora. Om folk hadde telefon, var der ikkje nattevakt ved alle telefonstasjonane. Såleis kunne det vere vanskeleg å få tak i jordmor om natta.
For kvinner frå Kvalsvika, Remøya og Runde kjendest det trygt å vere på Bergsøya. Der hadde dei jordmor, dokter og fødestove attmed handa og slapp å vere avhengige av båtskyss i alt slags ver. Fleire kvinner som var busette andre stader i landet, reiste også heim til Herøy når dei skulle føde. Dersom desse kvinnene ikkje hadde nokon slektningar på Bergsøya som dei kunne ta inn hos, vart dei ofte innlosjerte hos Jordmor- Helga. Kvinnene budde der utan nokon avtale om betaling. Sjølv om der i nokre år var kafé i underetasjen av huset, fekk kvinnene gratis kost og losji hos Helga og Roe inntil fødselen tok til. Det kan vere at nokon av dei betalte for opphaldet i form av naturalia eller pengar, men det var i alle fall ikkje vanleg at dei gjorde nokon avtale om betaling.
Folkemottak
Helga var mykje på besøk hos folk, enten i samband med fødslar eller i samband med kontroll av mor og barn etter ein fødsel. Ho kjende heimane og visste kven som kanskje trong litt ekstra oppfølging etter ein fødsel. Ute på gardane var det ikkje uvanleg at ho fekk med seg naturalia som gåve eller som betaling for ein fødsel. Mjølk fekk dei gratis hos slektningar på Reite, Olga (f. Nerem) og Olav Hjorthaug. Same kor mange menneske som budde i huset, mangla dei aldri mat i Helgaro. Dei hadde tenestetaus som hjelpte til med det praktiske, og barnejente då borna var små. Fleire slektningar og jenter frå Herøy var tenestetaus i heimen deira. Helga forlanga ikkje at huset skulle vere i prikkfri orden for å kunne invitere gjestar på besøk. Nei, der det var hjarterom, var der husrom. Anna Nørvåg fortalde ei soge om ein fiskar som kom inn mot Fosnavåg. Han spurde ein annan kar om bord kva hus dei såg opp i Vågen. «Jau», svarte karen, «der er bedehuset og det ved sidan av er folkemottaket».
Helga og Roe var frå musikalske familiar, og det var mykje song og musikk i heimen deira. Helga fekk sjølv 5 born i åra frå 1935 til 1951. Ho var såleis mor, husmor og jordmor – i tillegg hadde ho overskot til å ta seg av gjestane sine. Sjølv om dei hadde tenestetaus som hjelpte til, tok også Helga sin store del av arbeidet heime. Ho kunne stå midt i klesvasken og så verte kalla ut til ein fødsel. Så kunne ho halde fram med klesvasken når ho kom tilbake nokre timar eller kanskje eitt døgn etterpå.
«Kaffi og kaker på senga»
Kort tid før Roe Nerem døydde i 1960, skreiv han ei skildring av kona si, og derifrå tar eg med nokre sitat: «Ved sida av heimen og oppdrage borna, har ho heile tida passa stillinga si som jordmor i eit av dei mest hardbalne distrikt, med sjøreiser i den fyrste tid med robåt natt som dag, i storm – regn – snøkave med storbåra som braut over holmar og skjer og gjorde turane ut til pasientane ofte til ein sjangse seilas på liv og død. Seinare blei det meir motorbåtar, men ofte har det vore harde turar likevel. Men aldrig har eg sett kona mi sur og lei for det. Alltid smilande og villig til å kome når nokon ringte eller sendte bud på ho, natt eller dag i storm eller stille.(…). Frå fyrste dag etter at vi var gifte, når ho er heime, har ho møtt meg med ein god klemm og eit morgonkyss, kaffi og kaker på senga høyrer med til dagen, då sit ho på sengastokken og vi pratar saman om dagens problemer. I heimen er det altid dei andre fyrst for ho, ho kjem altid sjølv i siste rekke».
Motorsykkel
Helga skaffa seg tidleg motorsykkel for å kome fortare fram og tilbake. Truleg var dette i 1942. Ho hadde ein motorsykkel av merket «Diadem». Mang ein gong løfta ho sjølv motorsykkelen opp i færingen eller motorbåten. Når båten var vel framkomen til ei av øyane, løfta ho sykkelen ut av båten og freste av stad. Helga var såleis ei fysisk sterk kvinne. I ein artikkel i 1955 er livet til Helga og Roe skildra såleis: «Det har hendt at vordende fedre ikke torde gå i båt på grunn av storm og uvær for å hente jordmor, men derimot har de ringt til jordmor og bedt henne ta turen på motorsykkel tvers over øya. «Aldri i livet om jeg slipper kona ut i denne stormen på glatte holken», sa Roe i telefonen. Men Helga var like bestemt som sin mann, tok telefonen fra ham og sa at hun kom nok. Andre ganger har hun blitt hentet i robåt under forrykende storm. Mang en gang har Roe ventet å finne båten i fjøra, eller få ulykkesbud om at kona var kantret på motorsykkelen».
Fekk ikkje vanleg førarkort
I januar 1947 gjekk det gale på ein motorsykkeltur. På Myklebust – på veg til ei fødande kvinne – møtte ho ein kar med hest og vogn. Ho var i ferd med å køyre forbi, då hesten og vogna brått svinga ut i vegen. Ho måtte styre unna og køyrde utfor vegen og trefte ein bergvegg. Så vart ho kasta fleire meter av stad. Helga vart skada i handa og hovudet. Men ho kom seg til att. Ho var då gravid og fødde ein gut den sommaren. Denne guten døydde rett etter fødselen. Etter ulykka, parkerte ho motorsykkelen og nytta drosje i staden. Seinare kjøpte Roe bil, og denne brukte Helga flittig. Men lensmannen våga ikkje gi henne noko vanleg førarkort, berre eit avgrensa køyreløyve. For Helga var ingen god bilsjåfør; ho køyrde gjerne midt i vegen og i god fart. Truleg følgde ho ikkje reglane i køyreløyvet så bokstavleg, for ho hadde ein tendens til å utfordre autoritetane og likte å balansere på kanten av det lovlege. Det viser ein utlandstur medan det var rasjonering under krigen, og då det var avgrensa kor mykje varer folk fekk lov til å ta med seg inn i landet. På ein slik utlandstur oppdaga Helga alt det fine stoffet som var å få kjøpt. Då vart ho overvelda av handlelyst. Ho kjøpte ulike stoff som ho tulla rundt seg, lag på lag, slik at ho nesten såg ut som ei tynne. Utanpå tok ho ein stor frakk. Ho stavra seg gjennom tollen med denne noko spesielle habitten, og tollarane let henne passere.
Havresuppe
I ein artikkel i Vestlandsnytt i 1994 får ein nokre glimt av livet på fødestova i Helga si tid. Det var Anna Nørvåg, som var kokke på sjukeheimen i 27 år, som fortalde om Helga: «Ho var så blid og kjekk, rett fram og skvær. Det var liv og røre når ho kom på sjukeheimen. Laurdagskveldane smurte eg smørbrød, og dei pasientane som var friske, kom ned i stova. Vi var som ein stor familie. Helga sette seg til pianoet og spelte og song, ho hadde slik ei nydeleg stemme, og for at dei oppe også skulle få høyre, så opna vi dørene». Anna Nørvåg fortel at ho kokte på litervis med havregrynsuppe til mødrene. «Eg hadde ei stor bøtte med avsila havregrynsuppe i kjøleskapet. Mødrene måtte drikke ein stor mugge kvar dag slik at dei skulle få mjølk i brysta. Det hadde Helga og bestyrarinna bestemt. Eg hadde fløyte i suppa, så dei sa ho var god, men det var i starten. Dei vart snart lei av den»(…). Anna fortel også at Jordmor-Helga var flink til å trimme mødrene. Og dessutan var det aldri infeksjonar. – «Vi hadde ein stor kjele som vi kokte alle instrumenta i, og det var aldri infeksjonar så eg kan huske.(…). Om vi trengde doktoren, så var han attmed. Elles var sjukepleiarane og hjelpte til, men Helga hjelpte stort sett seg sjølv».
I øskje under omnen
I dei åra fødestova var i bruk, var der mange fødslar, og også fleire tvillingar vart fødde der. Det var ikkje nokon kuvøse på fødestova. Born som var fødde før tida, eller som hadde låg kroppsvekt, måtte dei ta hand om best dei kunne med dei hjelpemidla dei hadde. Ein liten gut berga livet ved at Helga tok han med heim til Helgaro. Der pakka ho den vesle kroppen inn i bomull og la han i ei skoøskje. Denne vart plassert under komfyren. Såleis greidde ho å gi barnet stabil varme, og guten overlevde.
Sparka mannen under senga …
Helga Nerem var av den gamle garde av jordmødrer. I samsvar med det ho var van med og opplært til, ønskte ho ikkje at mannen skulle vere til stades under ein fødsel. Svangerskap og fødsel var for kvinna, og mannen hadde ingen ting der å gjere. Det var først dei siste åra av hennar jordmortid at det vart vanleg at mor og barn vart undersøkte ved hjelp av ultralyd. Under fødselen hadde dei få hjelpemiddel, og det var ikkje vanleg med noko bedøving eller akupunktur for å lindre smertene under fødselen. Ein fødsel var såleis veldig spennande før i tida, og sette store krav til jordmora. Det å føde kan vere ei stor fysisk påkjenning for den fødande kvinna. Ikkje alle menn taklar å sjå kona ligge med store smerterier og sveitten piplande på panna. Helga tykte truleg det var nok ansvar og arbeid å følgje med mor og barn, om ho ikkje også skulle ha eit vake auge med mannen. Dersom ein mann ytra ønske om å vere til stades under kona sin fødsel, fekk han klar beskjed frå Helga: «Det er greitt at du er med på fødselen. Men viss du dånar, berre sparkar eg deg under senga, så kan du ligge der til du vaknar.» Ei så klar åtvaring var nok til å ta frå dei fleste mannfolk den vesle lysta dei hadde til å vere til stades under fødselen. Så truleg måtte Helga aldri gjere alvor av trusselen sin.
Ærleg og rett fram
Helga var ærleg og rett fram. Ho var ei bestemt kvinne og var aldri redd for å seie meininga si til legar og politikarar. Jordmor-Helga hadde vakse opp i Herøy og kjende folket og lynnet til herøyværingane. I tillegg hadde Helga sjølv vore gjennom 5 fødslar og hadde såleis røynt på kroppen ventetida, spenninga, otten, lidinga – og gleda når alt var over. Ho hadde såleis evne til å sette seg inn i den fødande kvinna sin situasjon. Når smertene vart for sterke, kunne ho med sine gode replikkar og gode humør løyse opp spenninga. Det var t.d. fleire som fekk beskjed om å rope så høgt at taket letta på fødestova, om det kunne lindre smertene. Men av og til var ho litt for ærleg og kjende folket litt for godt. Ei fødande kvinne som Helga følgde til sjukehuset i Volda i mars 1977, fekk såleis denne avskjedshelsinga frå jordmora: «Stakkars dej, du er bra like ’ne mor di. Du skal få dej enj bra longe dag og ei longe natt». Så klappa Helga henne på skuldra og returnerte med sjukebilen tilbake til Herøy. Kvinna som skulle føde sitt første barn, kjende korleis hjartet sokk i henne over å høyre spådomen frå jordmora. Men heldigvis tok Jordmor- Helga feil denne gongen, og fødselen gjekk unna på to timar!
«En samfunnstjener i beredskap dag og natt» I den tida Helga var jordmor, sa ho sjølv at ho hadde tatt mot kring 5 000 born. Då rekna ho truleg med både dei ho hadde tatt mot i Bergen, på Bjørnsund og i Herøy. Helga vart karakterisert som ei flink jordmor som gav dei fødande tryggleik og hjelp. Jordmor Sigrid Blomvik Maaseide skriv såleis om Helga: «En ung distriktslege som arbeidet flere år i Herøy, fortalte meg at Helga Nerem hadde lært ham meget om fødselshjelp. Den tillit hun i alle år hadde i befolkningen var stor, – en samfunnstjener i beredskap dag og natt, hele sitt virksomme liv som jordmor».
Kongens medalje
Helga stod elles i ei årrekkje for vaksinasjonsarbeidet i sitt jordmordistrikt. Ho fungerte også som ei slags helsesøster, og gav også hjelp ved sjukdom og dødsfall rundt om i heimane. Det var heller ikkje uvanleg at ho assisterte under dokter Gangnæs sine operasjonar på sjukeheimen. I fritida var Helga aktiv på mange felt, m.a. i saniteten. Ho var ei rikt utrusta kvinne, eit ja-menneske, som levde opp til det ho fekk innprenta på jordmorskulen: «Du skal alltid være rede, alltid gjøre din plikt og aldri tenke på deg selv». I 1976 vart ho heidra med kongens fortenestemedalje i sølv. Det var distriktslege Bjørn Martin Aasen som tok initiativet til dette, og då hadde han talt opp i protokollane og funne ut at Jordmor- Helga hadde tatt imot om lag 3500 herøyværingar. Midt under samkoma i mai 1976, der medaljen vart utdelt av ordførar Einar Leinebø, måtte ei fødande kvinne ha jordmorhjelp. Og Helga gløymde ikkje plikta si sjølv om ho var midtpunktet i festen. Straks samkoma var avslutta, følgde ho ei kvinne til sjukehuset i Ålesund. Etter 46 år som jordmor i Herøy slutta Helga i arbeidet i 1978. Då var ho 70 år. Seinare vikarierte ho litt som jordmor, men så datt ho og øydela foten sin, og tapte seg fysisk siste åra. Ho døydde 2. september 1982.
