Kaia – ein samlingsplass i eldre tider
Pål Arne Dimmen, Årbok for 2004
I tidlegare tider var det samlingsplassar i små bygder og tettgrender der folk ofte møttest. Det var skulen, som også til dels vart nytta til forsamlingslokale, butikken, posthuset og kaia. Ein slik stad var Hellestøa på Dimna i Ulstein kommune. Her var det naust og kai med skur for varemottak. Slik som det var mange andre stader.
Hit til kaia i Hellestøa kom rutebåten på veg til Ålesund to dagar i veka og i retur i 17-tida same dagane. Med tre ul i fløyta – eit langt og to korte – svinga båtane av og la til ved kaia. Seinare slutta fylkesbåtane (MRF) å gå innom kaia. Motorkuttaren «Eikholm», som til dagleg vart kalla «mjølkebåten», nytta då kaia. Båten tok med både folk, varer og mjølk til Meierikaia i byen. Kaia var samlingsplass for alle som reiste til og frå bygda. Flyttedagane 14. april og 14. oktober reiste slike som skulle i teneste, også gutar og jenter som nyleg var konfirmert. Kister med kle vart sende om bord i rutebåten. Herifrå for fiskarar med sjømannsekk over skuldra. Dei skulle på fiske eller selfangst. Likeins bygdefolk som skulle på dagstur til byen. Ja, herifrå reiste også dei som for til nye heimland – til Amerika.
Dampskipet «Grei» var bygd for Kværnes og Grip Dampskibsselskab i 1895, men vart seinare seld til eit reiarlag på ytre søre Sunnmøre, og gjekk i rute der. MRF tok over båten i 1930 og hadde han i drift til 1948.
Det frettast gjerne i grenda når ein som hadde vore i Amerika var ventande heim. Det var folk som hadde freista tilværet og som i første tid hadde budd i provisoriske hus «der over». Somme hadde pløgt med fire hestar for plogen på prærien, andre hadde felt kjempestore tre i skogane, kanskje drive fiske på Vestkysten, fiska laks i Alaska eller prøvt lukka som gullgravar der. Så steig dei over kaia igjen. Somme var kledd i lysgrå, ruta dress, gjekk i brune sko og hadde stråhatt på hovudet. Nokre nytta gullinnramma briller og skramla med småpengar laust i lomma. Det gav inntrykk av rikdom og velstand. Dei spurde borna kva foreldra deira heitte, nikka etter svaret og sa «yes» og «well» for kvar setning. Så vart dei verande i heimbygda nokre veker. Dei rusla gjennom heimetun og utmark, traska i fjøre og naust og mintest leikeplassane frå barndomsdagane, som hadde brent seg fast i minnet. Så tok dei farvel med vener, søskjen og tilårskomne foreldre og reiste til Amerika igjen. Somme kom aldri att. Men heimbygda med kaia høyrde barndomsminna til –ein identitet dei bar med seg gjennom livet. No kjem andre og tredje generasjon luftvegen tilbake over havet. Dei tek gjerne ein tur på kaia (om ho finst) for å sjå kvar forfedrene deira reiste frå.
Kaia i Hellestøa var samlingsplass for folket i grenda, både i kvardag og fest. På høgtidsdagar, t.d. 1. juledag, og til vanleg når det var konfirmasjon, samlast folket i bygda her. Ein dekksbåt førde dei over vika til Ulstein kyrkje med flagget til topps i bakmastra. Herifrå reiste brudepar i lag med bryllaupsgjester til kyrkje der dei lova kvarandre truskap livet ut. På kaia vart folk også minte om at liv og død skifter tak. Her steig unge mødre varleg i land med ein ny verdsborgar, og frå denne staden gjekk siste ferda for bygdefolk til kyrkjegarden med båt. Med flagget på halv stang stod sørgjande, mørkkledde kvinner og menn rundt båra på dekk på turen til kyrkjegarden.
Dampskipet «Hjørundfjord» var ein klassisk lokalbåttravar som gjekk i rute på Sunnmørsfjordane heilt fram til 1952. Båten var bygd i 1895 for Søndmøre Danpskibsselskap. Ved skipinga av fylkesreiarlaget MFR (seinare MRF) gjekk skipet inn i selskapet sin flåte. «Hjørundfjord» var sertifisert for 140 passasjerar
Kaia tok mot nye innbyggjarar
Til Hellestøa kom folk reisande frå andre kantar av landet. Dei fann seg kanskje ein ektemake i bygda og vart verande. Om somrane kom feriefolk, ofte born, som hadde lengta etter turen og vart vel mottekne av ventande besteforeldre. I sjukdomstilfelle, når doktor eller jordmor såg det nøvendig å sende folk til sjukehuset, vart sjukekorga henta på skulehusloftet der Sanitetslaget hadde liggande utstyr. Pasienten vart boren til kaia og kanskje om bord i ein heimverande fiskebåt. Med presenning over sjukekorga på dekk gjekk turen til sjukehuset i Ålesund. Ja, kaia i Hellestøa har opplevd mykje. Travle dagar, harde ord og kjærleiksord, avskilstårer og gjensynsglede. Der stod ofte barn som prøvde fiskelukka og dit kom ofte unge og gamle som møtte trufast opp for å sjå når rutebåten kom. Ved kaia var badeliv i blanke solskinsdagar, men der var også stormfulle dagar då nordavinden stod på.
Frå damp- til motorbåt
Etter at dampskipsrutene vart nedlagde, kom motorbåtar (mjølkebåtrutene) til å dominere kommunikasjonsbiletet i øy- og fjorddistrikta frå 1930-talet til midten av 1950-åra. Veg- og brubygging, bilruter og ferjer, gjorde at trafikken etterkvart vart lagd om frå sjø til land. Dei gamle kaiene i avstengde fjordbygder og på øyane, samlingsplassar der folk møttest og reiste på rutebåten til og frå byen – noko som batt folk og grender saman tidlegare vart historie. No er det stille i Hellestøa. Det er sjeldan bygdefolket går dit. Samlingsplassen med kaia er borte. Her ligg ikkje nokon fiskebåt, heller ikkje ein handelsreisandebåt med skiltet «Møre Kjøpmænd» på rorhustaket, eller nokon rutebåt lenger. Det blir ikkje heist på land sekkar med mjøl, kasser med margarin eller fustasje med sirup. Det blir ikkje lempa på fulle eller tome mjølkespanner av ein oppkava pliktmann.
Mjølkebåtar ved Sunnmøre Meieri i Ålesund.
Synet av kyr eller stutar som gjekk stavrande og motvillig over kaiplankane før dei fekk «selen» under vomma og blei vinsja om bord, er det få som hugsar i dag. I mange av desse bygdene går no trafikken forbi etter breie asfaltvegar. Skur med skilt for busstopp står i vegkantane. Dei smale grusvegane mot sjøen og stoppeplassen for rutebåtane, med merker etter hestehovar og render etter kjerrehjula, gror att. Somme stader er kaiene erstatta med ferjelemar der bilane står på rad. Dei reisande i bilane snakkar nok saman, dei kjøper seg aviser og snacks på kiosken, høyrer på stereomusikk, trøyter tida og irriterer seg over ventetida på ferja. Men gamlekaia som samlingsplass for bygdefolket, naboar og slektningar, og dermed samtalen mellom dei, er borte.
Dei gamle landingsvorene og dei forfalne kaiene – eller restane av dei, der robåtar og rutebåtar la til tidlegare – står att mange stader i strandkanten i utkantgrendene i dag. Dette er merke etter farne tider – eit minne om samlingsplassar der folk ofte møttest. Dei er minnesmerke om ei form for sosialt samvær og kommunikasjon som aldri kjem att.
