Steinlabyrintane i Vartdalsfjella
Steinlabyrintane i Vartdalsfjella er ekte Trojaborger og dei mest verdfulle fornminne i Ørsta kommune, seier fylkesarkeolog Bjørn Ringstad til Møre-Nytt 10.5 1990. Trojaborgene på Vartdal i Ørsta er to tilnærma sirkelforma steinlabyrintar, den eine; Isflålabyrinten ved Vardehornet og den andre; Den Julianske Borg ved Grøthornet.
Begge labyrintane skil seg frå andre nordiske labyrintar ved at dei er bygde nær tusen meter over havet. Det vanlege har vore at slike labyrintar vart bygde på flate strandliner ved sjøen.

Dei næraste steinlabyrintane finn ein langs Finnmarkskysten og på Kolahalvøya, på Hvaler i Østfold og mange langs den svenske austkysten i Bottenviken og elles langs Østersjøkysten. Vidare finst det labyrintar nær sagt på dei fleste kontinent jorda rundt. Det typiske for nordiske labyrintar er at dei er bygde av stein. Både i Danmark og på Dei Britiske Øyane t.d. finn ein og torvlabyrintar.
I andre bandet av Vartdalssoga er Vartdalslabyrintane omtala som bronsealderminne. Redaktøren Ivar Grøvik skriv at det var ingen på Vartdal i første halvdel av 1900-talet som visste nemnande om labyrintane. I 1930-åra tok bygdefolk kontakt med sokneprest Karl Roald med tanke på å få fagfolk med arkeologisk kunnskap til Vartdal slik at ein kunne få vite meir kva dei merkelege steinringane var for noko.

Les hele artikkelen i Årbok for Sunnmøre 2008
