Sunnmøringar med sogesans
No er det um-aa-gjera, at alle, kvar i si bygd og grend, skriv upp alle dei segner, ein kan faa i. Altfor mykje er mist. Og med kvart eldre menneske som gjeng i grav kan ein vera viss, det gjeng noko tapt.
Kva bør ein saa skriva upp? Alt det, dei gamle hev havt aa fortelja. Til dømes um slegterne – kvar dei var ætta ifraa – og det ein veit um dei elles, kva dei sa og gjorde og kor dei saag ut. So um gardarne. Hev same ætt butt lenge paa bruket? So er det so mange namn paa ein gard t.d. paa teigar, grøv, humrar, steinar o.s.b.
Er der nokon som veit, kva namnet skriv seg av, so skriv det upp. Segner um naar garden vart upptekjen og kva gardsnamne skriv seg av, er som regel ikkje aa lita paa, men skriv upp det med.
Er der segner um Svartedauden? Kvar hev garden havt sine sætrelaat fyrr? Kvar laag bygdarvegen ifraa fyrst? Kva veit du um sterke menn? Veit du um menn, som var med i krig? o.s.b. er ting som vil ha verd.
Er der gamle dokumenter, so maa du gøyme paa dei. Sjølv gamle skiftebrev bør ikkje vanvyrdast. Dei vil vera av verd, naar ættesogor skal skrivast og ellest og.
