Dei broderte bunadane – ein idé frå Sunnmøre?
I ein artikkel i Sunnmørsposten frå 1926 kan ein lese at dei fyrste bunadane på Sunnmøre kom kring førre hundreårskifte, då nokre jenter frå Søre Sunnmøre tok opp att høgehua og eit gamalt liv frå Bjørkedalen og brukte det som festantrekk. Same stad kan ein lese at det kort tid etter kom broderte bunader av Anne Hølsbø, og at dei broderte bunadane raskt vart tekne i bruk over heile Sunnmøre. 20 år seinare vart bunadene sett på som så stygge og forfallne at Sunnmøres husflidekspertise såg det nødvendig med eit organisert gjenreisingsarbeid. Gjennom ein seleksjons-, reviderings- og nyskapingsprosess laga dei Sunnmørsbunadane vi har i dag.
Kvar kom dei fyrste bunadane frå? Denne artikkelen vil ta for seg korleis bunadane såg ut, når dei kom og kvifor. Den vil også sjå på samanhengen mellom Sunnmørsbunaden og det broderte bunadidealet som slo ned over heile landet på byrjinga av 1900-talet. Artikkelen er eit resultat av eige feltarbeid, samt arkivmateriale frå Bunad- og folkedraktrådet, Sunnmøre Museum og Norsk Folkemuseum.1 I arbeidet har Sunnmørsposten vore ein sentral kjelde. Denne avisa er spesielt interessant fordi den frå 1894 hadde Sunnmøre frilynde ungdomssamlags fyrste formann, Ivar Flem, som redaktør. Dette prega nok framstillinga av det frilynde arbeidet, og har gjort at her er mykje stoff å finne. Blada Urd og For bygd og by har også vore viktige kjelder. Urd kom ut i perioden 1897 – 1958 og var eit av Noregs fyrste kulturelle og politiske blad for kvinner. Bladet framma framskritt og folkeopplysing på kristen grunn, og mellom kunst og kultur finn ein fleire innlegg om bunadsaka. Det nynorske vekebladet For bygd og by kom ut 1912-1932, og i den faste spalta «Heimen» vart ulike bunader presentert for potensielle brukarar.
Historia om bunadane er også ei historie om idéstrømmingar i tida. Eg har drege god nytte av Ivar Grøvik og Jon Tvinnereim sine historiske framstillingar av den frilynde ungdomsrørsla på Nordvestlandet, og sett denne i ein bunadhistorisk samanheng.
FOLKEDRAKT OG BUNAD
I Noreg skil ein mellom folkedrakt og bunad. Folkedraktene er dei lokalt særprega kleda bygdefolk brukte i førindustriell tid, frå fjøs- og fiskeklede til brurestas. Bunadane er gjenoppliva utgåver av desse draktene, fortrinnsvis høgtidsversjonane.2 Jf. definisjonen på revitalisering (Velure 1977) må objektet fyrst lausrivast frå det gamle bondesamfunnet, så settast inn i det moderne samfunnet, og der få ein ny funksjon. Denne prosessen kan ta 100 år, eller den kan skje nærmast samtidig med at objektet er i bruk, men då av andre personar. For folkedraktene sitt vedkommande gjekk dei frå å vere garderoben til folk, til å verte eit identitetssymbol.
Bunadane er knytt til norskdomsrørsla, ei rørsle som samla seg rundt Johan Sverdrups venstrebevegelse i politikken, og som ivra for å bygge ein ny norsk kultur på grunnlag av det beste frå den gamle bygdekulturen. Landsmålet var ein del av dette prosjektet, likså folkedansen og folkedraktene. Dei ivra for at ein skulle lage nasjonale klede av norske material og det ypparste av norske handverkstradisjonar. I kor stor grad desse «nasjonale kleda» bygde på lokale folkedrakttradisjonar, varierte. Dei meinte at nasjonale særtrekk vart utforma ved ein pågåande aktiv og bevisst prosess, ikkje gjennom studium av levningar som historiske kjelder (Frøyen/Time 1996).
Eg har funne det fruktbart å skilje mellom norskdomsrørsla og den frilynde ungdomsrørsla. Dette fordi det ikkje var nasjonal reising som var målet for dei fyrste frilynde ungdomslaga. Eit frilyndt ungdomslag kan definerast som «Eit organisert lag, hovudsakeleg for konfirmert ungdom, oppretta med det hovudformålet å hjelpe ungdomen til opplysing og oppseding gjennom lagsarbeidet» (Tvinnereim 1981:41). Desse ungdomslaga byrja som små foreiningar i bygdene i andre halvdel av 1800-talet, medan norskdomsrørsla sprang ut av det intellektuelle miljøet kring Kristiania Arbeidersamfunn og partiet Venstre. I 1890-åra fusjonerte så å seie desse to. Det er også då bunadene byrja å dukke opp.
Folkedraktene vart bunader i både navnet og gavnet i 1903. Då gav Noregs Ungdomslag og Student-maallaget ut boka Norsk Klædebunad, «ei lita rettleiding for folk i by og bygd som vil ha seg norsk bunad og ikkje hev noko laglegt mynster paa heimstaden sin» (1903:i). Boka var skrevet av norskdomsrørslas fystekvinne, Hulda Garborg. Omgrepet «bunad» brukte ho både om folkedraktene og dei draktene ein no skulle ta i bruk. Hulda ville nemleg ikkje at folkedraktene skulle takast opp igjen slik dei hadde vore, men i ein modernisert – eller «tidhøveleg» – versjon. Ho var oppteken av at draktdelane skulle matche, samt «tanken som er uppe no, um aa faa burt snørlivet og kvefse-midja» (1903:14). Truleg var ho inspirert av foredragsverksemda om reformkjolen i 1890- åra, som framma ein kjoletype der vekta av stoffet låg på skuldrene, og gav full bevegelsesfridom for kroppen (sjå Bugge 1984). Ho var òg påverka av Arts & Crafts-bevegelsen, som oppstod i England på 1850- talet som ein reaksjon mot «smaksforfallet» den raske industrialiseringa hadde førd med seg. Hulda Garborgs bidrag til det nasjonale danningsprosjektet hadde ein klar kvinneprofil, der bondekonene var dei ideelle tradisjonsberarane. Bunadane måtte tilverkast av norsk material og dekor, noko som i praksis betydde ull og lin med ullgarnsbroderi –»rosesaum».
Hulda Garborgs tidhøvelege folkedrakter resulterte mange stader i ein mørk, rett livkjole med kvit linskjorte under og forkle utanpå, alt brodert med lokalt mønster. Dette vart idealet også der livkjolar og rosesaum ikkje fanst i folkedraktene. Difor har Hulda Garborg fått æra – og somme tider skulta – for dei broderte bunadane. Revideringa av folkedraktene må sjåast i samanheng med den sjølvstendige omformingsprosessen ho meinte det nasjonale måtte gjennom. Men dei broderte bunadane var ikkje Hulda Garborg si oppfinning.
INTERESSE FOR BØNDERNES KLÆDEDRAGT
I 1844 vart Foreningen for Norske Fortidsmindemerkers Bevaring stifta. Allereie året etter ytte dei 30 spesidalar til kunstnaren Joachim C.G.G. Frich for at han skulle forta ei reise gjennom Hedemarken, Gudbrandsdalen, Romsdalen og Sunnmøre, «for under same at aftegne mærkelige Fortidslevninger for Foreningen» (sitert i Noss 1973:111). Reisa resulterte i mellom anna fem akvarellar frå Sunnmøre. Interessa for folkedraktene på Sunnmøre har imidlertid ei langt eldre historie.
Det var på 1700-talet folket vart «oppdaga». Ludvig Holberg skal vere av dei fyrste som omtalar folkedraktene når han i Bergens Beskrivelse frå 1737 beskriv draktene til hordalendingane som «sære» (Lexow 1913:1). Det fins døme på avbildingar av folkedrakter før 1750, men desse har ikkje hatt folkedrakta som det primære interesseområdet.
Det eldste bilete med dette som føremål, samt tekst som dokumentasjon, finn vi i Pontoppidans Noregs Naturlige historie frå 1752. Ti år seinare kom Beskrivelse over fogderiet Søndmør av presten Hans Strøm. Ut frå sine observasjonar rundt om på Sunnmøre i 1750-åra, fortel han korleis kleda til bønder og fiskarar såg ut, kva material dei var laga av, og korleis dei fekk tak i dei. Strøm har òg med ei plansje med fem draktfigurar som viser korleis «Øeboerne» og «Fiorde-Folket» så ut, samt brud og brudgom. Allmogens skikkar og levekår vart tolka som natur, og registrert på liknande måte som blomster og dyr. Her var målet å gjengje dei lokale draktene på same måte som det lokale landskapet, utan noko idealisering.
På midten av 1700-talet vart dei norske folkedraktene også av interesse for dei kongelege. Kongen av Danmark-Norge, Fredrik V, fekk laga seg små folkedraktfigurar i elfenbein til bordpynt. Figurane var utført av hallingdølen Jørgen Christensen Garnaas og vart seinare førelegg for 60 statuar av norske bønder i «Nordmannsdalen » i Fredens-borgs slottshage. 3 Bondefigurar vart populære kuriositetar for Europas overklasse. Sett i lys av dei topografiske skildringane, er ikkje dette så rart. Bondekulturen vart sett på som framand og primitiv, og ein samla på gjenstandar frå slike kulturar på same måte som blomster i eit herbarium. Frå slutten av århundre fekk ein fleire illustrerte reiseskildringar. Eit eksempel er hollenderen Cornelius de Jong, som engasjerte prospekt-maleren Johan F. L. Dreier vinteren 1795-1796. På si reise må dei ha vore innom Sunnmøre, då eit av dei fargelagde koparstikka viser eit par herfrå. Frå 1800-10 kjenner vi til fleire draktbilete av Dreier, mellom anna tre frå Sunnmøre.
Folkedraktbilete kunne vere unike akvarellar, eller reprodusert ved kobberstikk og litografi. I fyrste halvdel av 1800- tallet vart dei selt enkeltvis, i seriar og i plansjeverk. I 1812 kom det fyrste plansjeverket om norske folkedrakter, Norske Nationale Klædedragter. Her stod sveitsisk-danske Johannes Senn for avbildingane etter ei samling Dreier-bilete frå den danske embetsmannen Gebhard Greve af Moltke (Lexow 1913). Det er interessant at det ikkje var ei drakt som vart kalla nasjonal, men fleire, inkludert draktene til nasjonale minoritetar som samar og skogfinnar. Dette tydar på at ein med «nasjonal» meinte nasjonalstaten, og ikkje eit etnisk fellesskap. Ein kan også merke seg at nemninga «nasjonal» ikkje hadde vore brukt i dei tidlege presentasjonane av folkedraktene. Frå å vere «sære» på 1700-talet, hadde dei i løpet av denne tida vorte eit symbol på det nasjonale i Noreg. I 1827-31 kom det fyrste norskproduserte plansjeverket, Norske National Dragter. Frie og like vi er, med bidrag frå Johan Ludvig Losting, Jacob Mathias Calmeyer, og Hans Leganger Reusch. Nokre av bileta i plansjeverket hadde utgangspunkt i Dreier og Flintoes akvarellar, andre var teikningar kunst-narane hadde gjort av modellar dei møtte på marknader eller reiser. Dei fire folkedraktbileta frå Sunnmøre er laga av hordalendingen Reusch. Det er lite informasjon å finne om kvar Reusch hadde sunnmørsmodellane sine frå. Flintoe var ikkje på Sunnmøre, og draktfigurane til Dreier ser annleis ut, så Reusch kan ikkje ha kopiert dei. Sidan Reusch budde i Bergen i perioden verket vart utgjeve, kan han ha møtt modellane der. Men sidan bileta har fått namn etter staden dei kjem frå, og det er fleire personar frå kvar plass, er det grunn til å tru at Reusch sjølv hadde teke turen til Sunnmøre.
Både Reusch og Frich høyrde til kunstmiljøet rundt J.C. Dahl i Dresden, dei som fyrst skildra det norske landskapet på ein nasjonalromantisk måte. Innsamling av folkeminne i 1830-åra gjorde at den kulturinteresserte eliten fekk auga opp for kva ein kunne finne i folkedjupet. Tiåret etter finn vi eventyra til Asbjørnsen og Moe, melodiane til Landstad og landsmålet til Aasen. Frå 1840 og framover utvikla det seg ei ny retning innan nasjonalromantiske kunsten blant dei norske elevane ved akademiet i Düsseldorf. Den hadde eit sterkare fokus på det intime landskapet, spesielt Austlandets odelsbønder og mystiske skoglandskap. Her finn vi mellom andre draktmålarane Adolf Tidemand og Johan Eckersberg. Eckersberg måla drakter frå Sunnmøre, men om ein jamfører dei med tidlegare publiserte akvarellar ser ein at dei er kopiar av akvarellar frå Frich og Reusch.
På midten av 1800-talet gjekk folkedraktene mange stader ut av bruk hjå dei som tradisjonelt hadde brukt dei. Samtidig uttrykte ei anna gruppe den gryande norske nasjonalkjensla ved å bruke desse draktene. Skodespelarar og dansarar opptredde i dei, borgarskapet kledde seg ut i dei, kongelige let seg avbilde i dei og turistar kjøpte dei som suvenirar. Frå å verte måla og registrert i sitt opphavlege miljø, vart altså folkedraktene lausrivne frå dette, og sett inn i ein ny kontekst. At overklassa tok på seg folkedrakter, representerte noko omvendt. Ein kan difor kalle denne draktbruken «karnevalistisk». Folkedraktene måtte, som eventyra og melodiane, omformast for å tilfredsstille den danna smaken og være nasjonal. Det var då det slo an, fordi det som kunne skape avstand, det folkelege, var teke bort. Bruken, men også utsjånaden endra seg. Det var fyrst og fremst ei forenkling og tilpassing til borgarlege (kropps-) ideal med tilsittande korsettert liv med pynt på brystet, ståkrage og brosje i halsen. Spesielt vart høgtidsdrakta frå Hardanger populær. Det vart ofte laga ein standardversjon av denne med raudt liv, svart stakk, kvit skjorte og kvitt forkle. Frå 1850-talet kjenner vi til at serveringsjenter ved turisthotella kledde seg i slike drakter. Dette spreidde seg andre stader enn Hardanger, og drakta vart gjerne kalla «Nasjonalen». Dette skjedde også på Sunnmøre, men kor tidleg er uvisst.
På eit fotografi av Axel Lindahl frå 1880-talet er det avbilda to Nasjonalkledde sunnmørsjenter. Hensikta deira med å kle seg slik kunne vere nasjonalromantisk, men frå 1870-åra skjedde det også som ein demonstrasjon for norskdomsarbeidet. Ivar Aasen kritiserte alt i 1850-åra romantiseringa av bygde-Noreg: “Interessa for sundagskledde bønder og forelda folkekultur i byborgarskapet førde ikkje med seg ei grunnleggjande endring i synet på kvardagskledde bønder og folkekulturen i meir ubehøvla utgåver» (Hoel 2007:309). For Aasen representerte allmogen, ikkje eliten, det norske. I staden for å spreie det danske danningsidealet til folket, ville han leggje folkekulturen til grunn for eit alternativt danningsideal som eliten òg måtte tilegne seg. Dette er tankar som kom for fullt med norskdomsrørsla 30 år seinare. Kvifor var Sunmøre så tidlig ute?
FOREININGANE, FOLKEHØGSKULEN OG BUNADANE
På slutten av 1800-talet så Vetle Vislie i Kristiania det som eit mysterium korleis «en bygd som Sønmør kunnet føde og ale en gutunge som denne [Ivar Aasen]» (Kringsjaa 1890). Men Ivar Aasen hadde lånt sine fyrste bøker hjå Sivert Aarflot på nabogarden. Aarflot skipa lånebibliotek i Ørsta allereie i 1797, og fortsette med dette då han flytta til Ekset i 1800. Det fanst kring 1800 òg private boksamlingar hjå prost Thoresen i Herøy, lensmann Daa på Solnør, og omgangskulelærar P.O.Strømme i Ørskog. Seinare på 1800-talet vart samlingane til prost M.W.Münster i Herøy og bonde Peder Fylling i Skodje tilgjengelege. I 1808 starta Aarflot det fyrste prenteverket på landsbygda i Noreg, og to år seinare den fyrste avisa, Norsk Landboeblad. Her fantes skrivekunnige bønder tidleg på 1800- talet og avisa vart tinga av bønder allereie i byrjinga. I andre halvdel av hundreåret utgjorde bøndene fleirtalet av abonnentane.
I tillegg til ein sterk lokal opplysningstradisjon var det tidleg organisasjonskultur på Sunnmøre. Dei eldste foreiningane bygde på gamle, uformelle samkometradisjonar rundt om på bygdene som oppsitjarkveldar og grendamøte. Møta vart haldne i private stover med opplesing eller forteljing og påføljande diskusjon, song og dans (Tvinneriem 1981). Utviklinga av desse samkomene skaut fart på slutten av 1800-talet og gjekk inn i eit organisasjonsmønster som på denne tida bredde seg på mange område. I 1869 slår avisa Møringen i Volda fast ar ein «danner nu foreninger i alle mulige Øiemed». Mange slags interesser nytta organisasjonsforma for å arbeide for sine mål, og så godt som alle hadde folkeopplysningsarbeid som ein del av programmet. I 1870-åra vart det skipa både misjons foreiningar, bondevenforeiningar, song- og samtalelag. I løpet av neste tiår vart det også danna Venstrelag, sokneselskap, fråhaldslag, folkevæbningssamlag og kristelege ungdomslag på Sunnmøre.
Ideen til organisert lagsverksemd kom ofte frå folk som hadde tatt utdanning. Nokre hadde studert ved universitetet og fått foreiningserfaring der. I Det norske Studentersamfund gjekk bondesonen Olaus Fjørtoft frå Haram i brodden for dei nasjonale og folkelege kreftene i 1870-åra. Her fekk han i stand den venstreradikale Fram-gruppa, der opplysing, fridom og norskdom var sentrale målsettingar. I 1880 tok Den Frisinnede Foreining Fram over, med sunnmøringane Anders Hovden og Anton Rønneberg som aktive medlemmar. Kring 1890 vart det sosialistiske ungdomslaget Friheten skipa med mellom andre Dalsfjordingen Rasmus Steinsvik (Tvinnereim 1981). Gjennom foreiningane fekk studentane både erfaring frå lagsarbeid og ideologisk påverknad. Dette var ein viktig bakgrunn for arbeidet dei kom til å gjere då dei kom attende til Nordvestlandet etter studietida og starta skular og frilyndte ungdomslag. Dei fleste lagsleiarane på Sunnmøre var likevel lærarar. Fleire frå bondestand tok lærarutdanning allereie frå 1820-talet, og i 1839 heldt Anders Velle lærarkurs i Ørsta. Tanken om lærarskule og høgre almueskule hadde vore framme allereie i 1840-åra, men Voldens Høiere Almenskole og Lærerskole vart fyrst realisert i 1861. Her vart, i følgje Ivar Grøvik, «fleire oppglødde for det nasjonale» (1974:13). Lærarane fekk også erfaring med organisasjonsarbeid gjennom lærarlaga som kom frå 1850-talet. Her samla medlemmane seg for å diskutere aktuelle spørsmål, slik at då dei seinare i hundreåret gjekk i brodden for å skipe frilyndte ungdomslag, kunne dei «så å seie berre utvide aktiviteten frå lærarlaga og lærarmøta til ungdomen i bygda» (Tvinnereim 1981:37).
Jon Tvinnereim argumenterar for at ein del lag som eksisterte alt i 1850-åra må kunne definerast som frilyndte ungdomslag. Han skriv at skule- og folkeopplysingsmannen Ole Vig midt på 1850-talet utforma eit program for ein ny foreiningstype. Den skulle vere for alle klassar i samfunnet, kvinner og menn, med diskusjonar, fordrag og vers (Tvinnereim 1981:42). Vig var nok påverka av Grundtvig, som han besøkte i 1852, men sidan Vig skriv at slike foreiningar allereie eksisterte i både by og bygd på 1850-talet, kan det ikkje vere noko han sjølv har kome på. Difor vert det heller ikkje riktig at heile den frilyndte rørsla skriv seg frå folkehøgskulen, slik det ofte hevdast (t.d. Haugen 2006). Men den frilyndte ungdomsrørsla hang nært saman med folkehøgskulen. Den var «den grunnrota som ungdomslaga måtte halda seg til, dersom dei ville halde leia innanfor si eiga åndsrørsle», skriv Ivar Grøvik (1954:47). Det var på folkehøgskulane dei fyrste bunadane kom i bruk som festantrekk. Den fyrste bunadbrukeren ein kjenner til, var Drude Janson, kona til folkehøgskulemannen Kristoffer Janson, som i 1872 møtte opp i eit selskap i Gausdal, kledd i folkedrakt frå Sel (Lange 1980:10). Folkehøgskuletankane kom tidleg til Sunnmøre. Då den fyrste norske folkehøgskulen vart etablert, Sagatun på Hamar i 1864, skreiv stortingsmann Maurits Aarflot på Engset eit lengre stykke om opninga i bladet Postbudet. Lengre ut på 1860-talet var det sunnmøringar både på folkehøgskulane i Sel og Sunnhordaland (Grøvik 1979). I 1869 var ein tanke om folkehøgskule på Herøy framme. Dette vart ikkje noko av, men to år seinare skipa Herøyværingen Einar Skavlan folkehøgskule i Skodje. Han hadde gått på Sagatun, og med økonomisk hjelp frå svogeren, statsråd Ludvig Daae på Solnør, vart skulen driven i tre år. 40 gutar søkte seg inn fyrste året, og «Omtrent alle som gikk paa den første folkehøiskolen på Sunnmøre gikk hjem til sin farsgaard og blev ved sit gamle bondevirke» fortel eleven Elias Ekroll (sitert i Grøvik 1974:11).
I 1870/71 tok Christopher Bruun til med Vonheim folkehøgskule i Gausdal. Sommaren 1876 var det eit skandinavisk stemne her, kor sunnmøringane Per Riste frå Sande, Hans Vartdal frå Vartdal og Rasofiel Rise frå Hareid var med. Per Riste skipa det fyrste landsmål-leselaget på Sunnmøre i 1868, og i 1879 starta han ein kveldsskule for å spreie norskdomstankane i Volda. På denne skulen gjekk oldebornet til Sivert Aarflot, Synnøve Aarflot (seinare Riste). Riste sitt engasjement for folkehøgskulen smitta over på ho, og i 1880 reiste ho til Vonheim (Sunnmøre Museum 1995). Same året er ho fotografert i ei drakt som liknar folkedrakta frå Søre Sunnmøre. Drakta har einsfarga liv og stakk, stripete forkle og kvit skjorte. På eit anna fotografi har ho også koljehue,5 trøye og silketørkle på seg, noko ein også kjenner frå folkedrakta. Folkedrakta var på denne tida framleis i bruk somme stader på Søre Sunnmøre. Men ein ser også at kjolemoten var komen blant dei yngre i bygda. Fotografi av Synnøve Aarflot viser at ho ikkje gjekk i folkedrakt dagstøtt, noko som tyder på ein bevisst draktbruk. Sidan fotografia av ei bunadkledd Synnøve Aarflot er frå same året som ho gjekk på folkehøgskule, er det truleg at det var der ho fekk ideen med å kle seg slik. Bunaden kan vere folkedrakta til Berte Kanutte Aarflot, tanta til Synnøve, som er svært lik. Men det kan også vere at Synnøve fekk sydd seg ei ny drakt. Dei to bileta av Synnøve er den eldste registrerte fotodokumentasjonen på bunadbruk på Sunnmøre, kanskje også i landet. I 1881 gifta Synnøve seg med Per Riste, og saman arbeidde dei for å få i gong ein folkehøgskule på Sunnmøre. På Synnøve sitt initiativ fekk dei ein gard, og i 1885 skipa dei ein målskule der saman med radikalaren Rasmus Steinsvik (Sunnmøre Museum 1995). Grøvik hevdar at målskulen i røynda var «noko av ein folkehøgskule» (1979:16). Både Andres Vassbotn og Jon Aasen gjekk her, og tolv år seinare skipa dei Møre folkehøgskule i Ørsta. Skulen vart driven av Andreas Austlid før Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag tok over i 1908.
DEI FYRSTE UNGDOMSLAGA PÅ SUNNMØRE
Frå 1880-åra vart fleire av dei eldre laga på Sunnmøre skipa om til ungdomslag. I Ivar Aasen si heimbygd hadde Ørsta-læraren Sivert Nossen drevet kveldskule frå 1880. Etter at denne vart avslutta, skipa Jon Aasen og Olav Hamar ein nynorsk kveldskule i Aasen-stova hausten 1885. Dei sette også i gong det handskrive bladet «Byrjaren», og fekk av dette namnet «Byrjargutane» eller «Byrjarlaget». I 1888 vart laget det fyrste ungdomslaget på Sunnmøre, då det fekk namnet Hovdebygda ungdomslag. Neste ungdomslag kom ikkje langt unna: 17.mai 1889 samlast folk i Nordre Vartdal seg og skipa Vartdalstranden ungdomsforening. Det var Hans Vartdal som tok initiativ til foreninga som vart delt inn i avdelingane Årsetdalens u.l., Nøre Vartdal u.l. og Barsdavik leselag –seinare U.l.Bard (Grøvik 1954). Ut frå referatbøkene ser det ikkje ut til at omorganiseringa og namnebyte hadde så mykje å seie for innhaldet i lagsverksemda. Folkeopplysning og det å kome saman var for mange ungdomslag framleis det viktigaste. På møta hadde ein song og opplesing, ofte også innlegg og diskusjon. Men med lag-organiseringa fekk ein ei sterkare formalisering med val av styre, referatskriving og planlegging av møte og festar (Tvinnereim 1981). Lagsstiftinga smitta frå bygd til bygd, spesielt frå 1890-åra: Volda frilynde u.l vart skipa i 1892, Austefjord u.l. i 1893 og Follestaddal u.l. i 1895. I Ytre strøk kom Dalana u.l. og Syltefjorden u.l. i Vanylven i 1890 og 91, Sandsøy u.l. på Sande i 1892, Rovde u.l. i 1894 og «Fiskaren» på Moldtustranda i Herøy i 1895. Også Haram var tidleg ute. Den tidlegare nemde Olaus Fjørtoft var herfrå, og i følgje Grøvik er det «ikkje tvil om at han fekk sått mykje i folkelivet, som låg løynt til dess tida var lageleg for at det kunne bryta fram» (1954:14). Tida må ha vore var lageleg frå slutten av 1880-talet: U.l.Frihug i Vestrefjorden vart skipa i 1888 og U.l.Samhald i Tennfjord året etter. På Longva vart U.l.Fram skipa 1891 og U.l. Samhald i 1895. I 1893 kom «Solglytt» på Hildre, U.l.Urædd i Haramsgrend og Vatne u.l. Myklebust u.l. på Sandøy og «Framsteg» på Fjørtoft vart skipa i 1894, og Kjerstad u.l. i 1895. Ålesund frilynde ungdomslag vart starta i 1890-åra, og etter bybrannen som U.l.Ivar Aasen i 1905. Inne i fjordane vart Stordal u.l skipa i 1892, Stranda u.l., Sykkylven u.l. og Velledalen u.l. i 1893, U.l. Vaarglytt i Stranda, Tafjord u.l. og Ørskog u.l. i 1894, Engeset og Fylling u.l. i Skodje og Tanstad u.l og «Samhald» på Straumgjere i 1895.
I 1893 hadde ungdomslaga på Sunnmøre sitt fyrste stemne og året etter vart Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag stifta. Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag vart eit av dei store fylkeslaga på landsbasis, og var det fylkeslaget på Nordvestlandet som hadde størst vekst både i medlemskap og aktivitet dei fyrste åra (Tvinnereim 1981). Etter skipinga av eit fylkeslag kom det fleire ungdomslag på Sunnmøre: Bjørkedal u.l. (1898), Vaksvikbygda u.l. (1898), U.l.Mjølner på Vigra (1898), U.l.Dag i Norddal (1899), Hjartåbygda u.l. (1900), «Mållaget Mjølner «og U.l.Viking på Roald (1900), Valldal u.l. (1900), Strendenes u.l. i Ørsta (1901), Dravlausbygda u.l i Dalsfjord og Emblemsbygda u.l. (1904), Eidsdals u.l., «Framsteg» i Straumshamn og Mork u.l. i Volda (1905), U.l.Solberg i Fjørå, Vikebygd u.l. i Volda, U.l.Viking i Spjelkavik, Åmdalen u.l. på Brautaset, Årsetdalen frilynde ungdomslag på Vartdal og «Framsteg» på Liset i Dalsfjord (1907), Viddal u.l. og Langedal u.l. i Synnylven (1908), Hareid u.l. (1909) og Sjåstaddalen u.l. på Bjørke (1910).6 Frå 1890-åra fekk fleire av laga nasjonale moment markert i formålsparagrafen. Jon Tvinnereim skriv at «alle laga endra formålsparagrafane frå ei allmennkulturell målsetjing med opplysing og oppseding som hovudinnhald til ei målsetjing som klårt og tydeleg gjorde nasjonal reising til hovudmålet på ulike område» (Tvinnereim 1981:51). Grunnen til at det nasjonale ikkje hadde kome inn i statuttane før, kan henge saman med påverknad eller ønske om samordning frå Noregs Ungdomslag, som vart skipa i 1896. Målet med å organisere laga i ein landssamskipnad var å samle dei frilyndte ungdomslaga i den nasjonale kampen, slik at dei kunne utgjere ein samla politisk styrke. Noregs Ungdomslag tok klart standpunkt for nasjonal reisning, og skulle jf. formålsparagrafen «arbeida for ein opplyst og nationalt tenkjande ungdom» (ibid.). Det kan vere at dei lokale laga i fyrste omgang ville føre vidare folkeopplysingstradisjonen frå dei eldre laga. Kring århundreskiftet vart ei sterk nasjonal haldning meir vanleg og akseptert, og laga kunne utan risiko for fråfall markere det nasjonale standpunktet i lovene. Det var imidlertid kamp om identiteten til det nye Noreg. Og det er i dette lyset bunadbruken må sjåast.
BUNAD TIL BØNDER OG BYFOLK
Fotografi av Volda frilynde ungdomslag frå 1894 viser at sju av atten kvinner i laget hadde bunad, alle variasjonar av Hardangerbunaden. Då fyrste elevflokken til Møre Folkehøgskule vart fotografert vinteren 1899- 1900, hadde elleve av dei 29 jentene bunad. Også her er det berre Hardangerbunader å sjå. Dette kan synast merkeleg når ein veit at Synnøve Riste brukte ei lokal folkedrakt som bunad ti år tidlegare. Men det var Hardangerbunaden jentene lærde seg å sy ved folkehøgskulene (Haugen 2006). Grunnen til det, var at draktskikken frå Hardanger både var alderdommeleg og særprega, og at den allereie var eit kjend nasjonalsymbol. Like drakter hadde ein einande effekt – ville ein verkeleg markere at ein stod for norskdomsverdiane, gjorde ein det klårare om ein bar nasjonaldrakta, enn om ein bar andre distrikt sine bygdedrakter som var ukjende i landssamanheng (Storaas 1985). Allereie frå midten av 1880-åra pågjekk det ein debatt om bruk av «nasjonaldrakter» blant vestlandsungdommen gjennom avisene Unge Skud, Unglyden og Ungdom. Her vart Nasjonalen presentert som idealbunaden til jentene, medan gutane skulle ha nikkers og tøye i vadmel, gjerne med raud topphue til. Til tross for at menn var aktive i debatten for bunadbruk på landsplan (Oxaal 2001), har eg ikkje funne nokon bunadkledde menn på Sunnmøre på denne tida. Det einaste sporet av ein type bevisst klesbruk blant menn som kan minne om bunad, er frå sommarstemnet Volda frilynde ungdomslag skipa i 1893: «Alle dei unge radikalarane, Rasmus Steinsvik, Ola Rotevatn, Laurits Heltne og Jon Aasen, hadde fått seg Jakobinarhuve til festen» (sitert i Grøvik 1979:17). Huetypen som omtalast vart bruka som fridomssymbol under den franske revolusjon, men den var òg i bruk som ein del av folkedrakta til Sunnmørske bønder heilt inn på 1900-talet. I og med at det er jakobinerhue og ikkje bondehue hovudplagget vert tolka som, er det ikkje grunn til å tru at den vart bruka som bunadplagg på 1890-talet.
Hulda Garborg hadde lite til overs for « Hardangerbunaden [som] vart maala, teikna og sungen um, til dess han vart kjend radt uppaa tjukkaste Heidmarki» (1917:9). Sidan bunadene skulle vere eit symbol på den kulturpolitiske kampen, passa det ikkje å bruke drakta til nasjonalromantikkens svermarar. Lokale bunader høvde betre til den levande bygdekulturen, og det var desse Garborg formidla i byrjinga av 1900-talet. Men då Hulda Garborg kom til Ålesund for å framme dei lokale bunadane si sak i 1908, var slike bunader allereie i bruk. Bunadane var ikkje den typen som Synnøve Riste hadde. Eit fotografi frå møtet viser at bunadene er mørke med kvit skjorte under. Liva har hekter oppe og nede langs framkanten, slik at skjorta viser mellom. Både liv og forkle er rosesauma, men biletet er for mørkt til at ein kan sjå mønsteret. Ei av kvinnene har bruskhue på seg,7 ei anna har lauslomme med lommelås i metall festa på venstre side. Frå møtet fortel Garborg:
Fleire av gjentene i ungdomslaget Ivar Aasen hadde maken til ein av dei 5 Sunnmørsbunadene eg synte fram bilæte av, og som eg skreiv um i For bygd og by 9.11.13 og 9.8.14. Her er eit bilæte som syner nokre lagsfolk i Ivar Aasen dengongen [1908], og av den Sunnmøresbunaden som Frida Rusti hadde i Bergen nokre år i fyrevegen på målmarknaden der (Urd 12.05.1928).
Les ein dei omtala utgåvene av For bygd og by, finn ein to fotografi. Det eine viser «Arbeidsbunad frå Norangdalen», ei drakt som liknar drakta til Synnøve Riste, og kan ha vore ei yngre folkedrakt frå Søre Sunnmøre. Det andre viser Frida Rusti i ein brodert bunad med bruks-hue.8 Bunaden har rund halsringing og hekter oppe og nede langs framkanten. Stakken er ankelsid, forkledet like langt og rynka til linningen. Kunstnaren Frida Hoeck Rusti var opphaveleg frå Tyskland. I 1892 gifta ho seg med den norske målmannen og kunstnaren Olav Rusti og dei busette seg i Bergen (Røysum u.å.). Korleis ho fekk seg Sunnmørsbunad er uvisst. Olav Rusti hadde studert ved Eckersbergs Malerskole i Kristiania på same tid som i Eckersberg laga draktakvarellane sine, men kunstnaren hadde ikkje nokon Sunnmørsdrakter som vi veit om. Paret var aktive innan norskdomsrørsla og Frida kan ha vore engasjert i Det Norske Spellaget, sidan ho er avbilda saman med teatergruppa på eit bilete av Knut Knudsen.9 Saman med Hulda Garborg var sykkylvingen Edvard Drabløs sentral i denne teatergruppa. Gruppa opptredde i bunader, og ein kan ikkje sjå bort i frå Drabløs var med å skaffa bunader til skodespelarane. Ei anna kontakt mot Sunnmøre som Rusti hadde, var kunstnaren Lars Kinsarvik, som budde i Ørsta og Volda på denne tida. Han både brevveksla og besøkte paret ved fleire høve (Kinsarvik 1921). Ragnhild Vogt Svendsen fortel at det fanst broderte bunader i Ålesund kring århundreskiftet:
«Umlag eit par år fyre Ålesundsbranden fekk nokre damor her i byen seg Sunnmørsbunad, sauma med plantefarga garn. […] Men bybranden kom og sopa med seg alt» (Nynorsk vikeblad 1934). Eg vil anta at dei omtalte kvinnene med bunad var med i ungdomslaget i Ålesund, der Vogt Svendsen sjølv var aktiv frå 1890-åra (Sunnmørsposten 23.12.1927).
På grunn bybrannen i 1904, skal ikkje nokon av desse bunadane vere bevara. Det forteljast imidlertid at Ågot Daae på Solnør, niesa til den tidlegare nemde folkehøgskulelæraren Edvard Skavlan, hadde ein bunad frå 1880-talet «som skal være komplett i alle deler» (Sunnmørsposten 28.06.1926). Sidan denne vart brukt som førebilde til dei broderte bunadane i mellomkrigstida, er det svært sannsynleg at den var rosasauma. Som nemnd innleiingsvis, fortalte Sunnmørsposten at eit liv frå Bjørkedalen vart teke opp att som bunad kring hundreårskiftet. Bunaden vert ikkje beskrive anna enn at livet hadde snøremaljer og at ein brukte høgehue til.10 Truleg var den heller ikkje rosesauma, sidan det same stad står at det kort tid etter kom sauma bunader frå Nordre Sunnmøre. Den kan difor ikkje vere den same som arbeidsbunaden frå Norangsdalen eller bunaden til Synnøve Riste.
Når kvinnene på Søre Sunnmøre tok drakta «opp att», tyder det på at drakta hadde gått ut av bruk, og at dei bevisst byrja å bruke den igjen. Sidan høgehue og liv med snøremaljer er alderdomlege trekk, er det grunn til å tru at dette var ein eldre versjon av folkedrakta frå Søre Sunnmøre. Sidan Bjørkedal ungdomslag vart skipa i 1898, kan vere jenter herfrå som tok initiativ til bunaden. Men det kan også vere andre ungdomslag på Søre Sunnmøre som tok i bruk draktplagg frå ein plass der det fanst alderdommeleg draktmateriale. Det kan vere at ein kombinerte livet med draktdelar frå Hardangerbunaden. Det kan òg vere at ein kunne kombinere det med plagg frå samtidas motedrakt, sidan stakk, skjorte og forkle ikkje nemnast i omtalen av bunaden frå Søre Sunnmøre. Eg har funne berre eit foto av bunad med maljer. Det er på eit familiefoto frå Volda frå 1907. Her er ei av kvinnene kledd i ein bunad som består av eit liv med snøremaljer, mørk stakk og «hardangerforkle». Ut frå eit svart-kvitt fotografi er det imidlertid ikkje lett å seie om dette er ein Hardangerversjon eller eit lokalt liv. På fotografiet kan ein elles merke seg at det viser bruk av folkedrakt, motedrakt og bunad samtidig. Den eldre mannen er kledd i folkedrakt og resten av familien har på seg samtidas moteklede.
Dei sauma bunadene av Anne Hølsbø Sunnmørsposten fortel om, finns det nokre igjen av. Dei består av svart liv og forkle, stakk og hue. Liva har innsnitt framme, midtsaum og sidesaum langt inn på ryggen. Hektene er plassert oppe og nede langs framkanten, og framkant, hals- og armringing er kanta med raudt ullstoff. Stakken er sydd av same stoff som livet, og foldelagt frå venstre til høgre. Forkle er sydd av svart tynt lerretvove ullstoff som er rynka til linningen. Liv og forkle er rosesauma med anilinfarga mjukullsgarn, og det er brodert gjennom foret. Hua, ei brukshue, er sydd av svart bomullsfløyel med påbrodert namn og årstal. Anne Hølsbø var fødd i 1840 i Valldal, og busette etter kvart seg i Ålesund. Sidan ho fekk gullmedalje for rosesaumarbeidet sitt på Husflidsjået i Ålesund allereie i 1903 (Grøvik 1954:115), kan ho ha laga bunadane Vogt Svendsen fortalde om. Sidan dei er like av utsjånad, kan ein heller ikkje sjå bort i frå at det er Hølsbø som har laga bunaden til både Frida Rusti og U.L. Ivar Aasen-jentene.
Bunadene til Hølsbø har også mykje til felles med folkedraktmaterialet frå Indre Sunnmøre.11 Ryggsaumen er lik, og forkleda er sydd av to vevsvredder. Rosesaumen liknar den gamle rosesaumen frå Norddal, både motiv- og fargemessig. Liva har stilisert blomemønster, medan forkleda har bølgebord i ulike variantar med frittståande roser innanfor. Det yngre folkedraktmaterialet herfrå er brodert med anilinfarga mjukullsgarn, medan det eldre er plantefarga. Å brodere gjennom foret er også eit trekk ein finn att i folkedraktliva. Sidan Hølsbø opphavleg var frå Norddal, er det ikkje usannsynleg at ho fann inspirasjon i folkedraktene derfrå til sine bunader. Men bunadane skil seg også frå det gamle materialet ved at dei er sydd med maskin og at dei har innsnitt framme. Dessutan er det lite som tydar på at broderte liv og broderte forkle har vore brukt i lag i folkedraktene. På Indre Sunnmøre har det vore vanleg å kombinere stikningsdekorerte liv, einsfarga liv utan dekor og rutete liv med rosesauma forkle, eller randaforkle, damaskforkle, trykte forkle, korsstingsbroderte forkle og einsfarga lerretsforkle. Rosesauma liv ser i dei fleste tilfella ut til å ha vore brukt saman med einsfarga forkle. Kombinasjonen av broderte draktplagg er ansett for å vere eit bunadfenomen.
Men om det var Anne Hølsbø som kom med ideen, er uvisst. Det kan vere at dette draktfenomenet går lenger attende i tid, men her er kjeldene førebels for få. På Husflidsjået for Sunnmøre i 1903 fekk også «ei kone frå Norddalen» sølvmedalje for ein kvinnebunad (Grøvik 1954: 115). Denne kona kan vere Berte Oline Tafjord. Berte Oline Tafjord var frå Norddal, fødd i 1846. Ho var ein bygdekunstnar som i heile sitt liv hev krota ut bunader – ikkje berre til folk i si eiga bygd, men vidt ikring elles, for ho var rekna for den beste på lange leider» (Sunnmørsposten 30.06.1926). Men viss ho var kjend, er det rart at namnet hennar ikkje er med på premielista.
KAFFISTOVE- OG SOFAPUTEBUNADER
På 1920-talet spurde Klara Semb om Tafjord ville sy ho ein bunad. Svaret fortenar å siterast: «Det kjem an på det. Ikkje um du kjem med desse stygge fargane som fleire unge gjenter har kome åt meg med. Eg orkar beint fram ikkje å sauma med slike daude leter. Sunnmørsbunaden er ingen syrjebunad» (Sunnmørsposten 30.06.1926). Tafjord ville bruke anilinfarga garn, noko ein ser på mykje av på det gamle bunadmaterialet. Og det er fyrst og framst dette som vert oppfatta som forfall i mellomkrigstida. Som Sunnmørsposten skriv:
Det vart so lettvint å kjøpa det tyske ullgarnet til prydsaumen, dei slapp då det seine og vande arbeidet med å sanka plantar og farge heime. So vart det og at desse kjøpefargane skein skarpare i augo[…] For at påteikninga skal vera lett og saumen rask å sauma so hev dei forenkla og forgrova dei ymse typor av Sunnmørsrosor so ein mest ikkje kan kjenne dei att. […] Eg hev sett upplutar med nokre lettvinte store ryggrosor som hev vore bruka på forretningane sine sofaputer (29.06.1926).
Bunadane vart gjerne kalla «sofaputebunader». Broderiforretningane fekk mykje av skulda – dei gjorde både snitt og saum «heilt utskjemd». Bunadane «var knekorte og med ein liten lapp til forklæde, som berre so vidt rakk nedum magen» (Nynorsk Vikeblad 1934). Men bunadane som vart oppfatta slik, kom ikkje berre frå broderiforretningane. I For bygd og by i 1914 presenterte Hulda Garborg eit mønster av ein bunad, som «den som no er mest allmenn att i Aalesund og bygdene kringum der» (1917:26). Av mønsteret kan ein sjå at verken motivet eller snittet er lik Hølsbø-bunadane. Her er ingen ryggsaumar, men sidesaum under arma og innsnitt på kvar side framme. Ringinga er stor og rosesaumen er enkel. Hulda fortel at bunaden er frå «Aasen i Volda, so han er vonleg fullgod», noko som må bety at ho vurderte bunaden positivt.
Det er interessant at bunaden Hulda presenterte kom frå Volda, der det ikkje er registrert rosesauma folkedraktmateriale. Kanskje kom modellbunaden frå Møre folkehøgskule. Då elevane der byrja å sy seg Sunnmørsbunad, laga dei ein type som liknar mykje på bunaden frå For bygd og by. Dei bevarte bunadane viser at dei er både korte, rette og har ein forholdsvis enkel rosesaum med liknande motiv. Livet har to innsnitt på kvar side framme og framstykkja er lagt litt over kvarandre og festa med ei hekte øvst, slik at det ser ut som at livet er hekta på den karakteristiske måten oppe og nede. Stakken er sydd av ei stoffhøgde og foldelagt med motfold midt bak. Forkle har ei brei midtfold og ei mindre fold på kvar side, og er ein del kortare enn stakken. Mønsteret hadde elevane fått av handarbeidslærarinna Anna Austlid frå Lom (reg. kort SM9226). Sidan ho var lærarinne på skulen i 1899-1908, og det ikkje er broderte bunader på biletet av den fyrste elevflokken, må bunadane skrive seg frå byrjinga på 1900-talet.
Ein liknande bunad vart brukt på same tid som serveringsantrekk på Kaffistova i Ålesund. Etter bybrannen skipa Sunnmøre Frilynde ei kaffistove i Ålesund, der norskdomsfolk kunne møtast (Grøvik 1954:103). Etter modell frå kaffistovene i Oslo og Bergen var interiøret prega av treskurd og rosemåling, og serveringsjentene kledd i bunad. Men i motsetning til dei Nasjonalkledde servitrisene i Oslo og Bergen, hadde sunnmørsjentene Sunnmørsbunad. Denne er meir lik folkehøgskulebunaden enn Hølsbøbunaden. «Kaffistovebunaden» har ein kort, rett fasong med ei stor, firskoren ringing kanta med grønt fløyelsband. Livet har ingen ryggsaumar, men to innsnitt på kvar side. Langs framkanten er det sydd maskinstikningar og hektene er plassert med regelmessig mellomrom. Stakken er sydd av ei stoffhøgde og er foldelagt med motfald midt bak. Nedrekanten er pynta med silkeband. Forkledet er kortare enn stakken og rynka til ein smal bomullslinning. Over denne er det sydd på eit belte. Rosesaumen har motiv av same type som folkehøgskulebunaden.
Tidlegare eigar, fødd i 1881, «sydde den etter si systers bunad utan påtegning, den som ho sydde etter ei Emte» (Brev 25.05.1984). På Norsk Folkemuseum finns ein bunad av rosesaumaren Emte Drotninghaug frå Sykkylven. Den har nærmast identisk rosesaum-mønster som kaffistovebunaden. Det som skil dei er at denne bunaden har ein brodert nedrekant på stakken, og at livet ikkje er kanta med fløyelsband. Den har, til forskjell frå kaffistovebunaden, også hektene plassert oppe og nede langs framkanten.
Fotomateriale viser at bunader med liknande mønster vart bruka Volda og Herøy kring 1908. Desse bunadane er sidare og har ein meir ettersittande fasong, og rosesaumen er meir detaljert. Dei er imidlertid frå same tid som det vart undervist i Sunnmørsbunader på folkehøgskulen. Eg har heller ikkje funne noko som tyder på at det fanst broderte bunader på Søre Sunnmøre før århundreskiftet. Det er difor truleg at dei broderte bunadane kom frå Nordre til Søre Sunnmøre gjennom folkehøgskulen.
Om det var ei bunadsømmerske som fann på å kombinere rosesauma liv og forkle, eller om det går attende til folkedrakttradisjonen på Indre Sunnmøre er uvisst. Men det har fantes heilbroderte bunader på Nordre Sunnmøre frå 1880-åra. I tillegg til impulsane frå reformdrakt- og Arts & Crafts-rørsla, må Hulda ha fått ideen til den mørke rosesauma drakta, med matchande roser på liv og forkle einstads frå. Også Hallingdal og Telemark har rosesaum i folkedraktene sine, men desse har ein anna fasong og rosene ei anna mønsterplassering. På grunn av den lange tradisjonen med broderte drakter, og det faktum at Hulda Garborg kjente til det, er det grunn til å tru at det var på Sunnmøre ho fann forbildet til bunadstereotypien som gjekk – og framleis går – sin sigersgong over landet.
